Hopp til innhold

Vil leggja ned fire skular

Torsdag ettermiddag la oppvekstbyråd Hans-Carl Tveit fram Bergen kommunes skulebruksplan for perioden 2007-2016.

Byrådet vil leggja ned fire skular, flytta to sentrumsskular og byggja fleire nye skular i bydelane.

Det spøker med andre ord for Indre Arna skule, Løvås skole og Skinstø grendaskole.

I tillegg vil minst ein skule truleg leggjast ned i Årstad, skriv BT.

Stram økonomi

Byrådet vurderer å selja Møhlenpris skole og byggja ny på Marineholmen. I tillegg vil Nygård skole i sentrum bli seld.

Målet er å gjennomføra alt innan 2017, men kan bli stoppa av stram økonomi.

Dette vil oppvekstbyråden gjera bydel for bydel:

Arna:

  • Utvida Ådnamarka skule 
  • Leggja ned Indre Arna skule
  • Byggja ny og større Garnes ungdomsskule
  • Rehabilitera og utvida Lone skule
  • Vurdera å overføra ungdomstrinnet frå Ytre Arna til Kyrkjekrinsen skule 

Bergenhus:

  • Rehabilitera og utvida Hellen skole
  • Samla skuleverksemda på Krohnengen.
  • Kanskje selja Møhlenpris skole og byggja ny barneskule i tilknytning til Vitensenteret på Marineholmen
  • Selja Nygård skole og flytta verksemda til Løvås skole.

Fana:

  • Utvida Apeltun skole
  • Ny barneskule i Indre Sædal. Helldal skole blir lagd ned.
  • Ny ungdomsskule i Rådalen
  • Rehabilitera og utvida Ulsmåg
  • Rehabilitering av Tveiterås, Nattland, Midttun, Slåtthaug, Storetveit og Skjold skoler
  • Mellombels paviljong på Smørås blir erstatta av nytt bygg
  • Framtida til Riple skule «må vurderast»

Fyllingsdalen:

  • Rehabilitera Bønes skole
  • Rehabilitera deler av Sælen skole
  • Leggja ned eller redusera Løvås skole. Nygård skole overtek bygget.

Laksevåg:

  • Rehabilitera Alvøen skole
  • Rehabilitera Damsgård skole
  • Ny barneskule i Hetlevikåsen
  • Rehabilitera Kjøkkelvik, Håsten, Olsvik, Loddefjord, Sandgotna og Vadmyra skoler

Ytrebygda:

  • Byggja ny og større Rå skole på ny tomt
  • Ny barneskule i nærleiken av Søreide skole
  • Søråshøgda skole blir utvida til nærskule for Råstølen
  • Utvida Søreide og Skeie skoler

Åsane:

  • Ny barneskule på Almås
  • Ny barneskule i Ulset Vest
  • Ny ungdomsskule i nordre deler – Haukås/Almås
  • Rehabilitera eller utvida Hordvik, Ulsetskogen, Kyrkjekrinsen, Mjølkeråen, Rolland, Åstveit og Haukås skoler
  • Leggja ned Skinstø grendaskole
  • Slå saman Mjølkeråen og Marikollen til barne- og ungdomsskole

Årstad:

  • Rehabilitera Ny-Krohnborg skole
  • Rehabilitera og utvida Minde skole
  • Riva og byggja nytt på Landås.