NRK Meny

Vil kalla ny storkommune Alver

Ein samla namnekomite valde fredag å senda namnet Alver vidare i prosessen med å velja eit nytt namn på den nye storkommunen i Nordhordland. Det skriv Avisa Nordhordland. På førehand hadde politikarane fire namn å velja mellom etter at referansegruppa hadde gjort sitt arbeid: Alver, Knarvik, Radfjord og Kvernafjord. Førebuande fellesnemnd skal ta saka opp 15. mai.

Nordhordland sett fra Veten i Åsane
Foto: Sindre Vik Helgheim / NRK