Miljøverndepartementet har gitt Klima- og forureiningsdirektoratet, Klif, medhald i at det danske maling- og lakkselskapet Hempel AS må betale kostnadene ved å rydde opp forureininga på deira tidlegare fabrikklokale på Askøy utanfor Bergen.
I juni 2012 vedtok Klif eit refusjonskrav for oppryddinga, men Hempel AS og Næringslivets Hovedorganisasjon klaga kravet til Miljøverndepartementet. Departementet held i si klageavgjersle Klif sitt vedtak ved lags.
– Vi er veldig glad for Miljøverndepartementet sitt vedtak. Det støttar opp mot dei vurderingane vi har gjort, seier Marit Ruge Bjærke, seksjonssjef ved Klif.
Farleg å vere på eigedomen
I 2009 rydda Klif området, som då var eitt av dei mest forureina områda i Noreg. Bjærke fortel at avfallet var så forureina at det var farleg å opphalde seg på eigedomen.
– Det er viktig at Hempel er med å betalar kostnadene, fordi vi antar at selskapet er ansvarleg for den forureininga som har skjedd i området, seier Bjærke.
Bjærke fortel at eigedomen på Askøy framleis er svært forureina, og at det framleis er behov for opprydding på området.
– Men ikkje på den måten at det er fare for liv og helse ved å vere der, seier ho.
Fleire rettsrundar
Det har vore produksjon av maling og lakk på Askøy sidan 1918, i regi av Monopol Maling- og lakkindustri. Hempel-konsernet kjøpte bedrifta i 1983, og endra namnet til Monopol Hempel. Denne fabrikken vart lagt ned i 1991.
Klif skriv på sine nettsider at miljøvernmyndigheitene og Hempel tidlegare har gått fleire rundar i rettssystemet i forbindelse med pålegg om å undersøke forureiningstilstanden på områda.
Høgsterett slo i mars 2010 fast at eit morselskap kan vere ansvarleg etter forureiningslova. Saka om refusjon av oppryddingskostnader kjem opp i Nordhordland tingrett i september i år.
Bjærke seier at saka går mot ny rettssak, dersom Hempel AS ikkje betalar det pålegget som er blitt gitt.
Kostnadene for oppryddinga er på 2,4 millionar kroner.