Hopp til innhold

Vil ha vinter-OL på Vestlandet

Eit nyoppretta selskap vil ha vinter-OL til Bergen, Voss og Stavanger i 2030.

Skiathlon på Voss

ARRANGERTE NM: – Vi har gjennom ski-NM, ski-VM og sykkel-VM vist at Vestlandet er i stand til å takle store arrangement, seier styreleiar i Voss Idrettsråd, Olav Farestveit. Her frå ski-NM i 2012.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Idrettsråda i Bergen og Voss har gått saman og starta eit nytt selskap som skal sjå om det kan vere mogleg å arrangere vinter-OL i Bergen, Voss og Stavanger.

«Idrettens Olympiade AS» vart stifta måndag 16. oktober, og i styret sit mellom anna Kari Traa.

Det var TV 2 som først omtala saka.

– Først og fremst tenkjer vi OL i 2030, men tanken om 2026 er ikkje skrinlagd, seier styreleiar i Idrettens Olympiade, Olav Farestveit, til TV 2.

– Vestlandet sin tur

Farestveit er også styreleiar for Voss Idrettsråd, og meiner Vestlandet har det som skal til for å arrangere eit vinter-OL.

– Vi har fasilitetane og folka, og då burde vi også få ein del av dei goda som eit OL fører med seg, til dømes i form av oppgraderte idrettsanlegg og infrastruktur, seier Farestveit til NRK.

Selskapet ser for seg at typiske hall-aktivitetar kan gå føre seg i Bergen og Stavanger, medan uteaktivitetane skal føregå på Voss.

– Viss Noreg nokon gong skal få eit OL igjen, så er det Vestlandet sin tur til å ha det, seier han.

Kari Traa

STYREMEDLEM: Kari Traa sit i styret for «Idrettens Olympiade AS», eit selskap som no skal greie ut om det er mogleg å arrangere vinter-OL på Vestlandet.

Foto: Ketil Jordan / NRK

Vil lære av sykkel-VM

Farestveit fortel at dei ynskjer «å gjere OL folkeleg igjen».

– Vi vil ha eit OL på idrettens premiss. Vi meiner at både øvingar og hallar kan bli mindre. I tillegg ynskjer vi å moderere VIP-faktoren.

Han viser til sykkel-VM i Bergen som eit godt døme på dette. Likevel ynskjer dei ikkje å hamne i same økonomiske situasjon i etterkant, og trur dei kan ta lærdom av arrangementet.

– Det kan vi heilt sikkert. Vi må følge nøye med når dei legg fram tala sine, seier han.

Skal ikkje bruke offentlege pengar

No undersøker selskapet om det er teknisk mogleg å gjennomføre eit slikt arrangement, og om det er vilje til det.

– Vi ser for oss at vi skal få dette til utan å belaste offentlege budsjett eller frivilligheits-Noreg, forklarar Farestveit.

Initiativet har kome frå mellom anna reiselivsaktørar og idrettsrådet på Voss. I tillegg har selskapet fått tilskot frå fleire lokale bankar.

Voss idrettsråd og Bergen idrettsråd eig halvparten av aksjeselskapet kvar.