NRK Meny
Normal

Dei treng ei større scene

Mjeldalen ungdomshus er eitt av mange grendahus som treng utbygging. – Organisasjonane får ikkje støtta dei treng, seier Kjersti Toppe i Senterpartiet.

Mjeldalen ungdomslag

DYRT MED DYR: «Dyra i Hakkebakkeskogen» er ein av mange teaterstykker i Mjeldalen Ungdomslag. Når skodespelarane skal inn på scena, må dei vente utandørs. Dei har ikkje plass i det over 70 år gamle bygget.

Foto: Mjeldalen Ungdomslag

Dei mange ungdomshusa rundt omkring i norske grender er gamle og treng jamleg vedlikehald. Mange av husa treng ombygging for å møte dagens krav til offentlege møtehus.

Sjølv om frivillige organisasjonar får momsfritak frå inntekter, må dei framleis betale moms når dei bygg nytt eller større.

– Idretten har fått ei særordning for momskompensasjon. Det er urimeleg at ikkje kulturen får liknande hjelp, seier Kjersti Toppe i Senterpartiet.

Kjersti Toppe

GIR STØTTE TIL UNGDOMSHUSA: – Me skal støtte opp om frivillige organisasjonar og husa betyr mykje for den lokale kulturen, seier Kjersti Toppe i Senterpartiet. Ho vil ha ei eiga tilskotsordning for ungdomslaghus og andre laghus.

Foto: Øijord, Thomas Winje / NTB scanpix

– Forskjellsbehandling

– Det verkar som forskjellsbehandling, seier Jostein Mjelde. Han er leiar for Mjeldalen Ungdomslag.

Han meiner ungdomshusa i bygdene er viktig for å halde på livet i grendene.

– Det er flotte gamle hus, og du må jobbe deg i hjel for å ta vare på dei. Men dei betyr mykje, seier Mjelde.

– Det kjem folk på tvers av generasjonar og møtast, til teater, kaffi, sying, sang, kva som helst. Det er utruleg viktig. Å få støtteordning og momskompensasjon betyr mykje, seier Mjelde.

– Desse husa har ein verdifull plass i kvar grend.

To støtteordningar

– Det er to økonomiske ordningar som eg meiner må forbetrast, seier Kjersti Toppe frå Senterpartiet til NRK.

I Stortingssalen førre veke føreslo ho å gje frivillige organisasjonar betre økonomisk støtte til å rehabilitere og utvida sine tradisjonsrike ungdomshus, bedehus eller grendehus.

Vil ha momsfritak og tilskotsordning

– Erfaringa er at slike hus som er eigd av organisasjonar kjem langt ned på lista. Dei tapar konkurransen mot dei offentlege og store kulturhusa, meiner Toppe.

Ho vil ha ei eiga tilskotsordning for ungdomslaghus og andre laghus.

– Slik at det monnar meir enn det gjer i dag. Dei må også få momskompensasjon for nybygg og påbygg, føreslår Toppe.

Mjendalen Ungdomslag

LITE: Mjeldalen ungdomslag fyller heile scena når dei skal opptre.

Foto: Mjendalen Ungdomslag

– Urimeleg

Sidan 2010 slepp frivillige organisasjonar moms på varer og tenester til drift og vedlikehald. Men ikkje til investeringar i nybygg og ombygging.

– Dei største utgiftene dei har må dei betala moms på til staten. Det tykkjer eg er urimeleg. Me skal støtte opp om frivillige organisasjonar og husa betyr mykje for den lokale kulturen.

Paradokset i dag er at frivillige organisasjonar slepp moms om dei til dømes bytter gammal bølgeblikk ut med ny bølgeblikk, eller bytter doskåler men beheld det gamle kronglete toalettet i kjellaren.

Men dei må betala moms viss dei bytter til takstein, eller bygg nytt og større toalett med varmekablar og tilgang for rullestol.

Pussar opp ungdomshuset

– Dette er bygd i 1934 og var gjort på dugnad, seier Jostein Mjelde.

Han syner NRK rundt i ungdomshuset på Osterøy, der ungdomslaget er i gong med utbygging.

– Det er ein tradisjonsrik sal. Før tykte me at salen var kjempestor, men i dag merkar me at det vert litt lite rett og slett. Me treng betre forhold for dei som driv med teater oppe på scena, held Mjelde fram.

Han forklarar at huset også må gjerast tilgjengeleg for rullestolbrukarar og andre fasilitetar som trengst i forsamlingshus i dag.

700 hundre dugnadstimar

Mjeldalen

MEST DUGNAD: - Vi jobber oss i hjel for å ta vare på huset, seier Jostein Mjelde.

Foto: Leif Rune Løland

Ut ei sidedør frå storsalen lyser arbeidslamper sterkt. Eit nytt inngangsparti er i ferd med å ta form. Tilbygget er 120 kvadratmeter stort.

– Her kjem eit nytt inngangsparti, samt nokre toalett og dusj, forklarar Mjelde. Dei byggjer også eit sminkerom som vil få direkte tilkomst til scena i salen.

– Det kjem godt med. I dag må dei venta ute i ver og vind, seier Mjelde og legg til at dei nærmar seg 700 dugnadstimar på byggeprosjektet.

– Kva kostar tilbygget?

– Me snakkar om ein plass mellom tre og fire millionar kroner. Og det er medrekna dugnadstimar, svarar Mjelde.

– Verdifull plass

Toppe forklarar at ein eventuell pott til ungdomshus og grendehus, ikkje vil gå utover andre lokale kulturhus.

– Potten må aukast, det skal ikkje gå utover andre kulturtiltak. Det må meir pengar inn i kulturpotten.

Forslaget om støttetiltak vert godt teke i mot av leiaren i Mjeldalen ungdomslag.

– Ein må jobba seg i hel for å halda desse husa ved like, men betydninga er så viktig. Her i ungdomshuset møtes folk på tvers av generasjonar. Støtteordningar er viktig for å halda liv i husa.

– Dei har ein verdifull plass i bygdene og grendene, avsluttar Mjelde.

Siste video

Programleder er Mariann Reikerås
.....på kaien ventet familien.