Hopp til innhold

Bergenspolitikarane vil ha bru over Bjørnafjorden

Kraftig miljøkritikk mot ferjefri E39. Likevel eit solid fleirtal for det midtre alternativet i Bergen bystyre.

Bro over Bjørnafjorden

VIL KRYSSA BJØRNAFJORDEN: Eit stort fleirtal i Bergen bystyre ser helst at Ferjefri E39 vert realisert med fjordkryssing over Bjørnafjorden. Likevel set dei óg døra på gløtt for det indre alternativet gjennom Fusa.

Dag Skansen (H)

GLAD: Dag Skansen frå Høgre er fornøgd med eit solid fleirtal for ferjefri veg mellom Bergen og Stord.

Foto: Magne Fonn Hafskor / Åsane Tidende
Thorstein Dahle

UVANLEG DÅRLEG PROSJEKT: Torstein Dahle frå partiet Raudt har lite til overs for ferjefri veg mellom Bergen og Stavanger.

Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg folkeparti, Venstre, Senterpartiet og Arbeidarpartiet i Bergen går alle inn for at ferjefri E39 må prioriterast i nasjonal transportplan. Onsdag sa bystyret i Bergen si meining om trasévalet for prosjektet som går under namnet Hordfast.

Sjølv om bystyrefleirtalet ikkje heilt lukkar døra for det indre alternativet gjennom Fusa, ønskjer dei først og fremst å sjå vidare på det midtre alternativet med kryssing av Bjørnafjorden.

– Miljøfientleg!

Debatten i Bergen bystyre handla først og fremst om miljøkonsekvensane av ein ferjefri veg mellom Bergen og Stavanger. SV, Raudt, Miljøpartiet dei grøne og Byluftlisten er alle skeptiske, fordi dei meiner ny veg vil føra til meir trafikk og høgare utslepp av klimagassar.

– Dette er eit uvanleg dårleg prosjekt som i tillegg skadar ei naturperle i Hordaland, så eg håpar dette ikkje vert gjennomført, sa Torstein Dale i partiet Raudt.

– Denne saka skil dei miljøvenlege partia frå dei miljøfientlege partia, eg fryktar at utbetringa av Bergensbanen druknar på grunn av dette. Ferjefri E39 vil kosta mykje. Dette er pengar me kan bruka til langt meir miljøvenlege løysingar, sa Sondre Båtstrand frå Miljøpartiet dei grøne.

– Me er realistiske

– For å seia det heilt klart, dette er ikkje eit miljøprosjekt, sa Julie Andersland frå Venstre.

Partiet vel likevel å røysta for ein ferjefri kyststamveg, mellom anna fordi ho meiner eit jernbanealternativ mellom Bergen og Stavanger ligg for langt fram i tid.

– I motsetning til SV og Raudt er me realistiske, me vil heller vera konstruktive og gjera vegen så miljøvenleg som mogeleg, sa Andersland frå talarstolen i bystyresalen.

Reagerer på ordbruken

Fleire av representantane frå byrådspartia Høgre, Frp og KrF reagerte sterkt på ordbruken til fleire av småpartia.

– Eg reagerer veldig på at me vert omtalt som miljøfientlege, sa leiar for byutviklingskomiteen Dag Skansen frå Høgre.

Han er glad for eit solid fleirtal for ferjefri E39 og at det midtre alternativet som går ut på å kryssa Bjørnafjorden vert løfta opp.

– Eg er veldig fornøgd med at me får til eit fleirtal som så mange kan stilla seg bak. Dette sender eit tydeleg signal om kor viktig dette er for folk og næringsliv på Vestlandet, seier Skansen.

Det største opposisjonspartiet, Arbeidarpartiet, slutta seg òg til forslaget som løftar fram alternativet med fjordkryssing over Bjørnafjorden.

– Det er ikkje så ofte me får samrøystes vedtak i store saker i Bergen bystyre, så eg er veldig glad for at såpass mange står skulder ved skulder i denne saka, meiner gruppeleiar i Arbeidarpartiet, Harald Schjelderup.