Hopp til innhold

Vil ha fleire som Britt på vidaregåande skular

Britt Harriet Åsheim er tilsett på skulen ho vaskar på. No vil fylkesrådmannen ha slutt på at ein leiger inn reinhaldarar og heller gjev dei jobb på skulane.

Britt Harriet Åsheim

STOLT: – Det er viktig for eigenkjensla og det å kunne kjenne seg stolt, at du føler at du har ei tilhøyrsle, seier Britt Harriet Åsheim. Ho er reinhaldar på Nordahl Grieg vidaregåande.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Fylkesrådmannen i Hordaland ønskjer å gå vekk frå innleigde reinhaldarar og i staden gje dei jobb på skulen som dei vaskar på.

I 2009 vart det vedteke at det skulle setjast i gang ei prøveordning med konkurranseutsetjing av reinhald på dei tre vidaregåande skulane Bjørgvin, Årstad og Nordahl Grieg i Bergen.

Når prøveperioden no er over meiner fylkesrådmann i Hordaland, Rune Haugsdal, at fylkeskommunen bør gå vekk frå innleigde reinhaldarar og heller tilsetje eigne. Dette trass i at han vedgår at erfaringane har vore varierande mellom dei tre skulane.

Lise Holsen

EINIG: Assisterande rektor Lise Holsen meiner at det å leige inn reinhaldarar har vore ei dårleg løysing.

Foto: Sølve Rydland / NRK
Rune Haugsdal

SNUR: Fylkesrådmann Rune Haugsdal meiner skular og andre bygg vil bli betre tekne vare på av faste reinhaldarar.

Foto: Kristin Hauge Klemsdal / Bergen kommune

– Det å ha ei tilknyting til ein skule, og ei kjensle for at denne skulen skal haldast og driftast godt.

Einaste som vil tilbake

Det er reinhaldar ved Nordahl Grieg vidaregåande, Britt Harriet Åsheim, heilt samd i.

– Det er viktig for eigenkjensla og det å kunne kjenne seg stolt, at du føler at du har ei tilhøyrsle. Det er godt å bli teken med som ein av alle, seier ho.

Men Nordahl Grieg er den einaste av dei tre vidaregåande skulane i prøveprosjektet, som frivillig har gått tilbake til ordninga med faste reinhaldarar på skulen.

Bjørgvin og Årstad vil derimot begge halde fram med konkurranseutsetjing. Bortfall av løns- og personalansvar er den viktigaste årsaka til det, går det fram av evalueringsrapporten.

– Dårleg og mangelfull teneste

Fylkesrådmannen meiner uansett at faste tilsette vil ta betre vare på skular og andre fylkeskommunale bygg, og det bekreftar reinhaldar Åsheim. Ho meiner det er viktig å kunne vere stolt over jobben dei gjer.

– Det er kjekt å vise fram skulen vår, seier ho.

For Nordahl Grieg har kostnadskutta vore på kring 100.000 kroner årleg med eksterne reinhaldarar. Men kvaliteten på tenesta har vore dårleg og mangelfull, går det ut av rapporten.

Assisterande rektor ved Nordahl Grieg, Lise Holsen, bekreftar at erfaringane deira frå dei tre siste åra ikkje har vore gode.

Tom Christer Nilsen

SKEPTISK: Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen er mest positiv til konkurranseutsetjing av reinhaldstenester.

Foto: Charlotte Haarvik Sanden / NRK

– Med fast tilsette reinhaldarar er vi veldig nøgde, og vi ønskjer veldig sterkt å halde fram med den ordninga.

Positiv til konkurranseutsetjing

Men fylkesordførar i Hordaland, Tom-Christer Nilsen (H) er skeptisk.

– I utgangspunktet er eg nok noko meir positiv til konkurranseutsetjing enn det som er i denne innstillinga, seier han.

Nilsen meiner det vert feil å gjere vedtak som tek ein tilbake til fortida.

– Min ståstad er at ein ikkje skal ha nokon prinsipiell hovudregel. Vi må ta ei konkret vurdering på det enkelte tilfelle og korleis marknaden for reinhaldstenester er i det området. Det er slike ting som vi må sjå på.

– Ideologisk autopilot

Dei borgarlege partia nektar å ta inn over seg fakta i spørsmål om konkurranseutsetjing. Det meiner Rasmus Laupsa Rasmussen frå Arbeidarpartiet.

– Eg synst dette viser det vi har sagt lenge, at dei borgarlege går på ein ideologisk autopilot og nektar å ta verkelegheita inn over seg.

Rasmussen er skuffa over at fleirtalspartia ikkje ser ut til å lytta til rådet.

– For det første sparar ein veldig lite på det, og dette får store konsekvensar for arbeidstakarane. Men det kan også konsekvensar for skolebygga.

– Ved å ha ein tilknyting og tilhøyrsle til arbeidsplassen sin blir det betre, seier Rasmussen.

Reinhaldar på vidaregåande skule

HALDA FRAM: Av tre testskular er det kun Nordahl Grieg vidaregåande skule som vil halde frem med å ha reinhaldarar som Britt tilsette på skulen.

Foto: Sølve Rydland / NRK