Hopp til innhold

Vil fengsle mann i fire veker

Politiet ber om fire veker i varetekt for ein mann i 20-åra, som er mistenkt for brot på narkotikalovgjevinga. Mannen vart pågripen på Stord torsdag. – Han har også ein del saker på seg frå Bergen. Årsaka til at vi ber om fengsling er fare for gjentaking, seier politiadvokat Bernt Dahlsveen. Mannen har tidlegare vore fengsla mellom anna for truslar.