NRK Meny

Vil fengsle mann for trugslar

Ein mann i slutten av 50-åra vert i dag framstilt for varetektsfengsling i Bergen tingrett, etter å mellom anna ha oppført seg trugande mot kjenningar i rusa tilstand. Mannen skal også ha vist fram ein startpistol til nokre ungdommar i Knarvik. – Han vart arrestert fredag kveld. I september vart han dømd til seks månader vilkårslaus fengsling for vinningskriminalitet og rusa køyring, men han hadde endå ikkje begynt å sone, seier politiadvokat Kjetil Tomren.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Sigrid ble onsdag tildelt den internasjonale EBBA-prisen.