Vil fengsle mann (20) for vald

Politiet ber om fire veker i varetekt for ein mann (20), som i helga skal ha slått ned ein mann i ein leilegheit i Bergen sentrum. 20-åringen har nyleg sleppt ut frå fengsel etter å ha sona ein valdsdom, og politiet meiner det er fare for gjentaking.