Vil felle meir hjort
Trass i protestar og skepsis: Det nye minstearealet for tildeling av hjorteløyve i Flora kommune blir redusert frå 750 dekar til 500 dekar. Det betyr i praksis at kvar enkelt grunneigar vil få tildelt fleire løyve enn i dag, skriv Firdaposten. I høyringsrunden som nyleg blei avslutta, kom det fram ein god del skepsis mot framlegget.