NRK Meny
Normal

Populært turmål brann ned til grunnen

Viggohytten på Gravdalsfjellet har brunne ned til grunnen. Politiet skal undersøka branntomta i ettermiddag.

Viggohytten brann

HEILT NEDBRENT: Dette var synet som møtte turgåaren ved Viggohytten i føremiddag.

Foto: Chris Solfjel / 03030-tipser

Viggohytten brann

TOTALSKADD: Det er nesten ikkje noko att av det populære turmålet på Gravdalsfjellet.

Foto: Chris Solfjel / 03030-tipser

Det var Chris Solfjell som gav beskjed til Viggohyttens venner om at hytta var brunne ned til grunnen.

– Eg var der rundt klokka 13.00 i dag. Då var det framleis røyk på staden men hytta var brunne ned. Det einaste som har stoppa dette må vera den våte marka, seier Solfjell til NRK.

Han var der på tur også tysdag, i 14.00-tida.

– Då var alt heilt fint med hytta, så dette må ha skjedd i natt.

– Vår største frykt

Også sekretær i Viggohyttens venner, Karsten Svendsen, meiner brannen må ha skjedd i natt.

– Då var det ein del tåka og regn. Det er kanskje difor ingen har sett det før i dag.

Han seier han måtte spørje nokre gonger om det var ein spøk, når han fekk meldingen om at hytta var nedbrunne.

– Eg veit ikkje kva som har skjedd, men brann har vore vår største frykt. Det er berre ein liten brønn der oppe, så brann har vore skrekken heile tida. Det har ikkje vore folk i hytta i det siste heller, men vi skulle leiga den ut frå 22 til 23. juli. Det blir jo ingenting av no, seier Svendsen til NRK.

Skal undersøka i ettermiddag

Politi og brannvesenet har også fått meldingar om at Viggohytten har brent ned.

– Ifølgje meldingane vi har fått skal det framleis vera ulming, men at hytta er brent heilt ned. Vi skal opp og undersøka dette så snart som mogleg. Det blir følgt opp utover ettermiddagen, seier operasjonsleiar Janne Steimler Sæthre til NRK.

Skal byggast opp att

Karsten Svendsen i Viggohyttens venner seier at hytta var fullverdig forsikra.

- Planen vår er å bygge hytta opp igjen, så snart som mogleg. Kanskje innan eit halvanna år, men dette er vanskeleg å vite no. Vi har ikkje diskutert dette enno.

Det er ikkje straum i Viggohytten, men NRK får opplyst at det er fleire gassflasker på hytta.

Hytta er bygd i 1915 og vert i dag driven av Viggohyttens vener som er ein ideell interessegruppa. Den er open for publikum kvar sundag frå september til juni.

Viggohytten er vorte eit populært turmål for bebuarar rundt Kanadaskogen både i Fyllingsdalen, Laksevåg og Nipedalen/Gravdal.

Viggohytten ruiner

RUINER: Berre grunnmuren står att.

Foto: Chris Solfjel / 03030-tipser

Siste video

 Programleder Mariann Reikerås
13 lam rømde då bilen dei vart frakta med kolliderte. Dyretransporten fekk ein brå stopp og sauene stakk til skogs.