NRK Meny
Normal

Vestlandsrevyen via satellitt

No kan alle satellitt-sjåarar få inn distriktssendinga frå eige distrikt.

Om lag 600 000 husstandar i Noreg tar inn fjernsyn via parabolantenne.

Fleire får parabol

Fordi bare tre av dei elleve distriktssendingane er å finne på parabol, får mange av desse husstandane inn ei anna distriktssending enn deira eiga. Bare Østlandssendingen, Østafjells og Nordnytt har vore tilgjengelege for dei som tar inn NRK via satellitt.

11 distriktssendingar

NRK har no bytta satellitt frå Thor III til Thor II, og utvida kapasiteten. Dette gjer at det blir plass til alle dei elleve distriktssendingane.

Stadig fleire tar inn NRK via parabol. Derfor er det blitt stadig viktigare å vere på parabol også med distriktssendingane.

Oddvar Kirkbakk, sende- og distribusjonsavdelinga i NRK

 

Hus med parabolantenne
Foto: Eystein Hanssen / Scanpix

I tillegg til å syte for full distriktsdekking skal omlegginga førebu overgangen til digitalt bakkenett. Signal til fjerntliggjande sendarar skal sendast via satellitt, og så vidare til brukarane via bakkenettet.

Sjå tv i havet i vest

Også fjernsynssjåarar til sjøs skal få betre tilhøve. Endringane skal gje betre signal til skip med parabol som siglar i havet vest for Noreg.

Sjåarar som tar inn NRK via satellitt slepp å snu på parabolen. Dei må stille inn på nytt, slik som vanleg er når ein skal ta inn nye kanalar.

NRK-signala blir fram til 4. september distribuert via begge satellittane.

Siste video

Flere overnattet på fjellet for å holde av de beste plassene.
Programleder: Mariann Reikerås
NRK oppsummerer VM så langt.