Hopp til innhold

Veit ikkje kven som skal betale for den auke beredskapen

Det ikkje er klart om Regjeringa vil gi ekstraløyvingar til den auke terrorberedskapen, eller om kvart enkelt politidistrikt må kutte i sine vanlege budsjett.

auka beredskap

VEIT IKKJE KVEN SOM SKAL BETALE: – Politiet må i fyrste omgang løysa sine viktigaste oppgåver for nasjonens tryggleik, og så får det økonomiske komma i neste omgang, seier seniorrådgjevar Kåre M. Hansen i Politidirektoratet.

Foto: Adalheidur Audardottir Oldeide / NRK

Etter at PST varsla om terrorplanane mot Noreg torsdag, har politidistrikt kring i heile landet auka beredskapen og kalla tilbake politifolk frå ferie.

Geir Gudmundsen

REKNAR IKKJE PÅ KRONENE: No gjer me jobben, så får me ta det økonomiske spørsmålet etterpå, sa Politimeister i Hordaland politidistrikt til NRK i går.

Ingen i politiet veit kva den auka terrorberedskapen vil kosta, eller kven som skal betala den.

Situasjonen med den varsla terrorfaren er så spesiell, at det ikkje er klart om Regjeringa vil gi ekstraløyvingar, eller om kvart enkelt politidistrikt må kutta i sine vanlege budsjett.

– Dette kostar. Men der me er no, reknar me ikkje på kronene. No gjer me jobben, så får me ta det økonomiske spørsmålet etterpå, sa Politimeister i Hordaland politidistrikt til NRK i går.

Den auke beredskapen inneber auka nærvær på trafikale knutepunkt som flyplass, tog- og busstasjon med meir. I Hordaland har Politiet har også auka sitt nærvær på Tall Ships Races.

LES OGSÅ: Slik har Norge endret beredskapen - NRK – Norge

– Økonomien får komme i neste omgang

Ingen har hittil rekna på kostnadane, og ingen veit heller kor lenge det blir auka beredskap. Men alle politifolk som blir kalla heim frå ferie blir lønna med 200 prosents overtidsbetaling.

– Politiet må i fyrste omgang løysa sine viktigaste oppgåver for nasjonens tryggleik, og så får det økonomiske komma i neste omgang, seier seniorrådgjevar Kåre M. Hansen i Politidirektoratet.

væpna politi

KALLA UT FRÅ FERIE: Alle politifolk som blir kalla heim frå ferie blir lønna med 200 prosents overtidsbetaling.

Foto: Kari Nygard Tvilde