Hopp til innhold

Vegvesenet vurderer å bøtelegge entrepenøren etter snøkaos

Vegtrafikksentralen blir nedringt av sinte trafikantar som fortvilar over dårlege køyreforhold. No vurderer Statens vegvesen å bøtelegge entreprenøren for dårleg brøyting.

Snøkaos

KAOS: Politiet dirigerer trafikken ved Midttun før Hardangervegen mot Grimesvingene.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

– Dei gjer rett og slett ein for dårleg jobb. Dette er jo ikkje noko ekstremvinter. Dette burde entreprenøren ha takla, seier Bente Bergstø, byggleiar i Statens vegvesen.

Bergstø siktar til entreprenørfirmaet Lemminkäinen, som fekk anbodet på vossakontrakten 1. september.

Bente Bergstø

SET I GONG STRAKSTILTAK: Byggleiar i Statens vegvesen, Bente Bergstø, har bede entrepenøren setje i gong strakstiltak for å betre situasjonen på vegane i Hordaland.

Foto: Statens Vegvesen
Unormalt mange klagar

Nysnø og glatte vegar har ført til fleire trafikkulukker og stengde vegar siste dagane. Det har ført til mange klager frå sinte trafikantar. Bergstø meiner entreprenøren har gapa over for mykje.

– Sidan fredag har eg blitt ringt av vegtrafikksentralen fleire gonger om dagen. Klagene dei formidlar vidare er alvorlege. Det er jo alltid litt prøving og feiling når den første snøen kjem, men dette er ikkje bra nok, seier ho.

Lemminkäinen har ansvaret for kommunane Voss, Os, Samnanger, Vaksdal, Modalen, Kvam, Ulvik, Granvin og delar av Lindås og Bergen.

– Klagene går på at det er for dårleg brøyta, at det er brøyta for smalt, og at entreprenøren er for seint ute med brøyting og salting, fortel ho vidare.

Ho legg til at som byggeleiar, må også ho ta sin del av skulda.

– Me er jo byggherre, så me har jo også eit ansvar her. Alt eg kan gjere er å beklage overfor trafikantane.

«Me ventar ei betring»

Ronny Sleire, trafikkoperatør ved vegtrafikksentralen, seier det har vore travle dagar på jobb etter at vinteren gjorde sitt inntog i Hordaland.

– Det er umogeleg å logge alle klagene, trafikantane har klaga på køyreforholda på vegane i eitt sett, seier Sleire.

Han seier klagene gjeld store delar av fylket, mellom anna Kvamskogen, Samnanger Os, fylkesveg 137, Trengereid, Gullbotn, og Norheimsund.

– Me forventar ei betring, dette er ikkje godt nok seier han.

Politiet dirigerer trafikken etter kaos på veiene
Foto: Runa Victoria Engen / NRK

Kan enda med bøtelegging

Bergstø seier Statens vegvesen har teke stikkprøvekontrollar på arbeidet entreprenørfirmaet har gjort etter at dei har teke imot konkrete klager.

– Me har registrert fleire avvik dei siste dagane, seier Bergstø.

No har Vegvesenet hatt møte med entreprenørfirmaet og har bede om tilbakemelding på kva vedtak entreprenørfirmaet set i gang.

Bergstø seier dei er i dialog med entreprenøren om kva som ikkje er godt nok, og har bede dei setje i gong strakstiltak.

– Dersom det viser seg at dei ikkje leverer den kvaliteten me har bestilt, så opnar kontrakten for sanksjonar. Det vil seie at dei blir bøtelagt, alt etter kor grove avvika er, dette vil dei i sofall få beskjed om i forkant.

NRK har vore i kontakt med entreprenørfirmaet Lemminkäinen. Dei ynskjer ikkje å kommentere saka.