Hopp til innhold

Her spring han vekk frå knivslagsmålet

Sjokkerte forbipasserande vart vitne til knivslagsmål midt på lyse dagen i Bergen sentrum. To unge menn ligg på sjukehus med alvorlege skader.

Spring vekk frå knivdramaet

FLYKTAR: Her spring ein av dei involverte vekk frå staden med ein gjenstand som minner om ein machete.

Foto: Tipsfoto

– Det var veldig ubehageleg. Det skjedde jo midt på dagen og både småungar og andre kan jo ha vorte vitne til det, seier eit av augevitna som fekk med seg masseslagsmålet midt i Bergen sentrum tysdag ettermiddag, til NRK.no.

To unge menn ligg på Haukeland universitetssjukehus med alvorlege skadar. Ifølgje politiet vart den eine operert seint tysdag ettermiddag. Dei to skal vera 19 og 21 år gamle.

Ifølgje personar som fekk med seg opptrinnet skal det ha vore minst fire personar direkte involvert i slagsmålet.

Skulle kjøpa lunsj

Vitnet NRK.no har snakka med var i sentrum for å kjøpa lunsj då slagsmålet starta rett framfor bilen.

Væpnet aksjon i Bergen

VÆPNA POLITI: Store politistyrkar jakta tysdag ettermiddag på de involverte mennene i Bergen sentrum.

Foto: Tipsbilde

– Eg og ein kollega hadde bestilt pizza til lunsj, i det med skulle køyra ned for å kjøpa ein cola, såg me at dei byrja å slåst. Etter 15 sekund tok eg fram mobilen og starta å filma, seier augevitnet.

LES ÒG: Unge menn alvorleg skadde etter knivstikking i Bergen sentrum

Såg mann vart stukken

– Eg såg at ein vart stukken i ansiktet, deretter sprang minst tre personar vekk frå staden. Me køyrde rundt kvartalet og møtte dei igjen. Då sprang dei ned fortauet. Den eine med ein kniv i handa, seier mannen som filma slagsmålet.

Han har i ettermiddag overlevert videoen til politiet.

– Me har førebels ikkje gripe nokon etter slagsmålet, seier operasjonsleiar Ole Jacob Malmo ved Hordaland politidistrikt