Hopp til innhold

Vann internasjonal klimapris

Jon Bøhmer frå Brumunddal har laga verdas beste klimaoppfinning.

Jon Bøhmer

VERDAS BESTE KLIMAOPPFINNING: Jon Bøhmer frå Brumunddal haustar internasjonal anerkjenning.

Foto: Privat

Det er Financial Times som har kåra Jon Bøhmers solkokar, Kyoto box, til verdas beste miljø og klimaoppfinning.

Solkokaren nyttar drivhuseffekta til å koke vatn, og kan varme opp og rense ti liter vatn på to timar.

- Dette er moro for meg, men fyrst og fremst er det ein seier for kvinnene og trea i Afrika, seier Bøhmer på telefon frå heimstaden i Kenya.

To pappesker

Det er i og for seg ikkje noko nytt Bøhmer nå har laga. Prinsippet med solkokarar er over 240 år gammalt.

- Det eg har gjort er å finne ein måte å masseprodusere og få det ut i markedet på.

Han fortel at solkokaren består av to pappesker som står inni kvarandre. Den innarste er måla svart, medan den ytterste har folie limt på sidene for å få meir ljos inn i boksen.

- Inni der blir det fort opp mot 100 grader, og ein kan mellom anna nytte den til å koke og rense vatn og å lage mat, fortel oppfinnaren.

- Enkel løysing

Kåringa fann stad under konkurransen Climate Change Challenge, og Bøhmer får 75 000 dollar i prispengar. I alt var 300 bidrag levert inn, og fem av desse kom til finalen.

I grunngjevinga frå Financial Times heiter det at denne oppfinninga har potensiale til å forandre liva til millionar av menneske.

- Dette er ei enkel og forståeleg løysing, og det trur eg er noko av grunnen til at den vann. Samtidig var det viktig at vi fokuserte på U-landa, det er tross alt dei som slit mest med klimaendringane. Så eit stort problem med ei enkel løysing var vinnarformelen, seier Bøhmer.

Solkokar

Slik ser den ferdige solkokaren ut.

Foto: Privat