Hopp til innhold

Valdtektssak lagt vekk

Saka der ei kvinne fortalde at ho blei valdteken i klatreparken Høyt & Lavt i september i fjor er lagt vekk av politiet, skriv BA. Statsadvokaten har henlagt saka på grunn av provet si stilling. Dette er også i tråd med politiet si innstilling. Ein mann var mistenkt og dei to skal ha hatt seksuell kontakt, men ifølgje politiet skal etterforskinga vist at det ikkje var tvang involvert.