Hopp til innhold

Vaksdal

I Vaksdal er det eit god teikn at kommunen ikkje har full barnehagedekning lenger.

Vaksdal har for lengst innsett at dei ligg på feil side av Ulriken. Folketalet har gått jamt ned dei siste åra, men no er det teikn på at trenden er i ferd med å snu. Den siste kvartalsauka for 2007 viste ein oppgang på 19 personar. Både fødselstala og flyttetala var positive.

Då ein plutseleg oppdaga at barnehagekapasiteten var for liten, og at barnehagen i Vaksdal måtte utvidast med tre avdelingar, var det stor jubel i kommunen. Full barnehagedekning er ikkje eit gode i kommunen.

Tre lister legg ned

Tre bygdelister legg ned verksemda ved dette valet. Verken Samling og Utvikling, Bygdalista for Stamnes/Eidslandet og Bygdelista for Vaksdal stiller lister til valet. Dermed blir veljarane tvinga til å tenkje ideologisk, i den grad det let seg gjere i ein kommune med drøyt 4000 innbyggjarar. Det betyr dessutan at til saman sju av 21 representantar står ”ledige”, noko som gjer 2007-valet ope og spennande.

Øivind Olsnes (H) har sete i ordførarstolen i åtte år, men takkar for seg til hausten. Olsnes vart den første ordføraren etter krigen som ikkje representerte Arbeidarpartiet då han kom inn i Vaksdal-politikken i 1999. Men no kan hegemoniet vere på veg tilbake til Ap. Ordførarkandidat Eirik Haga satsar tungt på å sikre seg veljarane frå bygdelistene, og saman med Senterpartiet og KrF håpar Ap på å vinne fleirtalet i kommunestyret. Eirik Haga og Anneli V. Lilletvedt frå Høgre er truleg dei mest sannsynlege kandidatane til å bli ny ordførar i Vaksdal. Lilletvedt ønskjer å ta Høgre inn i ein ny fireårsperiode ved roret, og ein ny periode med stor utskiftning. Dei siste vala har det vore mange nye personar på listene. Ordførar Olsnes meiner mange mister motet når dei ser at det ikkje er så lett å få gjennomført dei store visjonane ein har før valet.

Politiske saker

Etter mange års diskusjon om ny idrettshall, ser dei fleste ut til å vere einige om at ein fleirbrukshall bør på plass så fort som mogleg. Dermed er det få store einskildsaker som skil partia. Bygdene har lenge hatt ein drakamp dei imellom, og denne kampen kan fort blusse opp.

Uansett vert hovudtemaet truleg korleis ein kan få fleire innbyggjarar – og barnehagar – til Vaksdal.

 

Valstatistikk

Valstatistikk Vaksdal