Hopp til innhold

Væpna menn rana drosjesjåfør

Drosjesjåføren blei trua med skytevåpen og frårana pengar, før gjerningsmennene stakk av i ein ventande bil.

Klokka 00.44 fekk politiet melding om at ein taxisjåfør hadde blitt rana ved Sandalsvegen i Bergen. Sjåføren stod då parkert på Nesttun terminal og utløyste alarmen i bilen.

– Sjåføren, ein mann i førtiåra, opplyste at to personar hadde trua han med skytevåpen, og frårana han pengar, før dei forsvann i ein ventande bil, seier operasjonsleiar i politiet Preben Wallestad.

Politiet har ikkje arrestert nokon i løpet av natta.

Kontrollerte bilar og personar i området i natt

Dei to gjerningsmennene skal ha vore i 30-åra, kraftige og lyse i huda. Sjåføren fortel at dei brukte eit handvåpen, men han er usikker på om det var ekte eller ein kopi.

Sjåføren plukka opp dei to på Danmarksplass og køyrde så vidare mot Nesttun terminal.

– I natt har me kontrollert diverse personar og køyretøy i området, men har så langt ikkje arrestert nokon, seier Wallestad.

Sjåføren skal ikkje ha komme til skade under ranet. Regionsjefen for drosjeselskapet har vore i kontakt med politiet og vil følgje opp sjåføren vidare.

Saka etterforskast vidare av Bergen sør politistasjon.