Hopp til innhold

Uventa seier for ungt Tertnes-lag

Tertnes vann 26–25 mot sølvfavoritt Storhamar i sesongopninga av eliteserien i handball i Haukelandshallen i kveld.

Tonje Løseth

ARKIVFOTO: Tertnes vann 26 - 25 mot Storhamar i sesongopninga av eliteserien i handball. Biletet er frå Håndball-NM 2013, då Tertnes spelte mot Larvik.

Foto: Andersen, Aleksander (ARKIVFOTO) / NTB scanpix

– Vi er strålande nøgd med resultatet og vi gjennomførte kampen veldig bra, seier trenar Tore Johannesen etter kampen.

Motstandarane er på førehand vurdert til å koma på 2. plass i eliteserien i år, så resultatet var uventa for det unge Tertnes-laget.

– Eg er veldig glad og spesielt med dei mange utskiftingane vi har hatt blant spelarane våre. Ja, eg er rett og slett strålande nøgd, seier Johannesen.

Eit mål som skilde

Det vart veldig jamt mot slutten av kampen og berre eit mål skilde vinnarlaget mot taparlaget.

– Eg synest det vart unødvendig jamt mot slutten, men eg synest vi gjennomfører kampen veldig bra. Det vart til slutt seier med berre eit mål som skilde oss, sjølv om eg meiner at vi leda nesten heile oppgjeret. Så det hadde vore surt om vi hadde tapa poeng her, seier trenaren.

Har forbetringspotensial

Sjølv med seier i denne kampen ser trenaren mykje forbetringspotensial i spelet.

– Forsvarsspelet som vi får til i første omgang, forsvinn litt i andre omgang. Vi får ikkje til lika mange redningar og presset på Storhamar sine spelarar og skyttarar minke. Så her har vi noko vi må trena meir på, seier han.

– Kva tenkjer du om resten av sesongen etter denne kampen?

– Eg var spent på korleis vi ville opptre med nye ferske spelarar som måtte ta eit stort ansvar, spesielt i denne kampen som betyr så mykje. Men eg er veldig nøgd med det dei viste i dag. Her er det verkeleg mykje vi kan byggja vidare på, seier ein nøgd trenar etter kampen.