Utsette Autopass-avgjerd

Fylkestinget i Hordaland har utsett avgjerda om autopass eller ikkje på ferjene på fylkesvegnettet til oktober. Fylkesvaraordførar Pål Kårbø (KrF) hadde fremma eit forslag om å ha både autopass og passasjerbetaling, men fylkestinget vil vite meir om konsekvensane fyrst.