Hopp til innhold

«Hitler» på golvet

Studensamskipnaden i Bergen vil innføra ekstra tryggingstiltak etter at ein afrikansk student ved NHH blei utsett for rasistisk hærverk på hybelen sin.

I mars fann studenten kjøkenet sitt tilgrisa med avføring og hakekors, og på golvet var det skrive «Hitler» med store bokstavar, fortel studentavisa K7 bulletin.

Informasjonsansvarleg i studentforeininga på Norges Handelshøyskole, Håkon Høst Brunsell, reagerer sterkt på det som har skjedd.

Reagerer med sinne

- Eg blir sint når eg høyrer om dette, seier Høst Brunsell.

Han tek fullstendig avstand frå rasehetsen.

- Det er urettvis at ein skal måtta gå gjennom noko slikt når ein er på utveksling uansett kor ein er. Då skal ein bli teken imot med opne armar, meiner han.

Brunsell trur ikkje at det eksisterer eit rasistisk miljø på NHH. Hærverket skjedde på ein av studentbustadene, og administrerande direktør i Studentsamskipnaden i Bergen, Egil Pedersen, reagerer sterkt.

Aukar vakthaldet

Han seier samskipnaden kjem til å skjerpa vakthaldet ved studentheimen der hærverket blei utført.

- Det er uhaldbart at studentar skal bli utsette for slike ting, seier han.

Lagt vekk hjå politiet

Saka blei meldt til politiet, men politiadvokat ved Hordaland politidistrikt, Rudolf Christoffersen, seier saka blei lagt vekk grunna manglande opplysningar om aktuelle gjerningspersonar.

- Det er sjølvsagt svært fortvilande. Eg har sjølv sett bileta frå åstaden, og det ser langt frå fint ut. Eg skjøner godt at denne personen føler seg krenka. Då blir det endå meir fortvilande at politiet ikkje kjem vidare i saka, fortel Christoffersen.