UTSET GRAVING TIL I MORGON:

Saman med mannskap frå Røde Kors og brannvesenet skal politiet reise oppover til flystyrtområdet i Vossafjella onsdag morgon. Håpet er å ha gravd seg fram til cockpiten i løpet av formiddagen for å sjå om dei to sakna personane er der, ifølgje lensmann på Voss, Ivar Hellene.