Mange bergensarar bryr seg ikkje om at isen er utrygg på mange av vatna kring byen.
Politiet har i helga fått inn mange meldingar om folk som har stått på skøyter på vatn der isen ikkje er trygg.
Berre i løpet av søndagen rykka politiet ut sju gonger for å jage dumdristige turgåarar som trassar skilt om utrygg is.
- Sjansespel
Heldigvis har ingen gått gjennom isen, men operasjonsleiar ved Hordaland Politidistrikt, Kjell-Tore Aarnæs meiner mange tek sjansar.
- Spesielt ille er det når vaksne tek med seg born ut på isen. Desse tek vi ein alvorsprat med, seier Aarnæs.
Trygge vatn
* Skomakerdiket
* Haukelandsvannet i Arna(kun i avmerka område)
* Søylevannet ved Grimen
* Tranevann ved Smørås skole.
* Nygårdsvik
(pr.28.02.05)