Hopp til innhold

Utrydda lakseelv med lut

Kommunen vært no saksøkt etter utsleppet.

Vatnaelva Stord

KATASTROFE: Vaksne folk stod og grein over synet i Vatnaelva fredag.

Foto: Knut Petter Hagen Thorsen

Badande bygdefolk slo fredag alarm etter at det vart oppdaga mykje dau fisk i Vatnaelva i Ådlandsvassdraget på Stord.

Mattilsynet rykka ut og konstaterte at det var slept ut 500 liter med lut i elva, skriv Sunnhordland.

All fisk er daud

Ådlandsvassdraget har vore ei svært populær elv for lokale laksefiskarar.Den vert også mykje brukt av badande og til vatning av husdyr.

- All lakseyngel, i heile tatt all fisk, i den fleire kilometer lange elva er daud. Vi plukka ein halv stamp på 300 meter fredag kveld, seier ein fortvila leiar i fiskarlaget, Per Bergli til NRKHordaland.no.

I fjor selde fiskarlaget fiskekort for 18.000 kroner. No meiner Bergli det tek minst seks år før bestanden er tilbake til normalen i elva.

- Vi må stola på at den laksen som er i sjøen kjem opp i elva og gyter. Uansett må vi stoppa fisket her i minst seks år, meiner Bergli.

Saksøkjer kommunen

No meiner Ådlandsvatnet fiskarlag at kommunen må haldast ansvarleg for utsleppet sidan det er påvist at det kom frå eit kommunalt vassverk.

Sportsfisker Knut Petter Hagen Thorsen har aldt anmeldt kommunen til politiet.

- Formelt sett skal jeg møte opp på lensmannskontoret mandag. Det har jeg tenkt å gjøre, sier Thorsen til NRKHordaland.no.

Fiskarane på Stord er ikkje i tvil om at kommunen her må svi økonomisk for blemma.

- Dei skal ikke sleppa unna dette, sier Thorsen som også reagerar på at kommunen henvendte seg til fiskarlaget for å få hjelp til å rydda elva.

- Dei har kapasitet til å senda ut tekstmeldingar otil alle bebuarane på Stord om at dei ikkje må vatna i hagae sine, emn å rydda opp etter seg sjølv klarar dei ikke.

Miljøvernforbundet inn i kampen

Også Miljøvernforbundet kjem til å saksøkja kommunen.

- Dette er ei stor tragedie og ei svært alvorleg sak. Nokon kommunalt tilsette må ha sove i timen og dei bør straffast. Vi kjem til å melda forholdet til politiet over helga, seier Kurt Oddekalv til NRK Hordaland.

Han påpeikar at det ikkje berre er fisken som er daud.

- Også næringsgrunnlaget til fisken er borte.

Framleis lut i elva

Sivert Haaland i tekniske tenester i Stord kommune, seier til Sunnhordand at det ikkje er fare for badande i elva. Den påstanden er ikkje Bergli einig i.

- Det ligg framleis litt lut igjen på botnen av kulpane der det vært bada ein del. I går måtte eg stoppa fleire som var ute for å plukka fisk fordi dei vart raude og såre på hendene.

- Så du ville ikkje ha bada i elva?

- Nei, det ville eg ikkje ha gjort. Kommunen prøver berre å bagatellisera det heile.

Den fisken so ikke har blitt tatt opp av elva så langt, er no for det meste råtna på grunn av den sterke og etsande luten.