Hopp til innhold

Utforkøyring ved Tvinde på E16

  • Til sjukehus

    Føraren av bilen som køyrde utfor E16 på Voss er no sendt til sjukehus med ambulanse. Bilen har køyrt utfor ved Tvinde, og det skal vera glatt fleire stader på E16. Kvinna kom seg sjølv ut frå bilen og skal ha blødd frå hovudet, men det er ikkje meldt om alvorleg personskade.

  • Kvinne ute av bilen

    Sjåføren som køyrde av E16 mellom Voss og Vinje har kome seg ut av bilen og er tatt inn i bergingsbil. Ifølge politiet skal kvinna ikkje ha fått alvorlege skader etter utforkøyringa. Det er svært glatt på E16 fleire stader, melder politiet.