UTFORKØYRING I VALEVÅG:

Det har vore eit trafikkuhell i Valevåg i Sveio i Hordaland fylke der eit einsleg køyretøy har køyrt ut av vegen. I bilen sat ein vaksen og to barn, og opplysningar tyder på at det er medisinske årsaker til utforkøyring. Luftambulansen har drive gjenoppliving på sjåfør, då førar har hatt hjartestans. Føraren har pust og puls ved avgang til Haukeland Sykehus med helikopter. Barna er uskadde og er tatt hand om av mor. Politiet opprettar sak.