NRK Meny

Utfor vegen i Lindås

Politiet etterforskar eit trafikkuhell ved Seim skule, som blei meld frå om klokka 07.30 laurdag morgon. Ein bil står utfor vegen. Det viser seg at uhellet skjedde tidlegare på morgonen, og det er uvisst kven som var føraren. – Det er også mogleg at ein person har stukke av frå staden, seier Knut Dahl-Michelsen, operasjonsleiar i politiet.