NRK Meny
Normal

Unikt øyfengsel blir lagt ned: – Eit stort tap

Det spesielle fengselet på den idylliske Ulvsnesøy har gardsdrift og open soning. No er dei tilsette sinte over at det forsvinn.

Ulvsnesøy

SKJERMA: Om lag fem mil aust for Bergen ligg Ulvsnesøy. – Den unike plasseringa gir ei ro for innsette, meiner tillitsvald Morten Aksdal i Norsk Fengsels- og friomsorgsforbund.

Foto: Frode H. Korneliussen / Wikimedia Commons

Fengselet midt i Sørfjorden aust for Bergen er eit av dei mest spesielle vi har her i landet.

På Ulvsnesøy har fangar sidan 1982 hatt open soning, husdyr, eigen bondegard og store grønområde.

Innsette skal i størst mogleg grad klare seg sjølv i eigne hus. Dei tilsette skryt av at dei innsette scorar høgast i landet på eksamen og etterutdanning.

Men i dag fekk dei beskjed om at fengselet blir lagd ned sommaren 2019.

Øya til sals

Bakgrunnen er at stiftinga som eig øya ønsker å selja eigedommen for om lag ni millionar kroner. Staten sin leigeavtale går fram til sommaren 2019.

– Vi har anbefala justisdepartementet å avvikle avdelinga. Det har dei har slutta seg til, seier direktør Marianne Vollan i Kriminalomsorgsdirektoratet.

Fengselet ligg midt i Sørfjorden mellom Osterøy og Vaksdal. Det er det mellom 40 og 50 tilsette som passar på 31 innsette, ni av dei kvinner.

– Vi har bestemt oss for å ikkje kjøpe øya når kontrakten går ut. Det er vesentlege kostnader forbundet med dette, og i tillegg vil det bli betydelege vedlikehaldsutgifter. Dette er pengar vi ikkje har.

Det var Bergensavisen som først skreiv om nedlegginga.

Frykta utfallet

NRK har i dagane før møtet vore i kontakt med fleire tilsette som frykta utfallet av møtet.

– Denne avgjersla betyr truleg at vi må avvikle sjølve drifta tidlegare enn neste sommar. Eg vil tru at vi har om lag eit år igjen på øya, seier Bjarte Engelsen Syse i Norsk fengsel- og friomsorgsforbund i Bergen.

Marianne Vollan

SEIER STOPP: Direktør Marianne Vollan i Kriminalomsorgsdirektoratet har i dag informert tilsette og innsette om at fengselet på Ulvsnesøy skal avviklast.

Foto: Elise Farestveit / NRK

– Vi fryktar nedlegging, men vi vil kjempa for at denne fantastiske anstalten og unike soningsstaden må bestå, sa leiar Haakon Mjelde i Norsk Fengsels- og friomsorgsforbund (NFF) avdeling Bergen til NRK før møtet.

Vil kjempe vidare

– Det var som forventa, men vi er likevel veldig misnøgde. Dei tilsette som var på møtet vart veldig lei seg, seier Syse.

NFF meiner øya har stort potensial som kvinnefengsel. Det er stor mangel på soningsplassar for kvinner Noreg.

– No vil vi først og fremst prøve å få det politiske miljøet til å endre syn og fokusere på å bruke det som rein kvinnesoningsplass, seier Syse.

Laster kart, vennligst vent...

Toppkarakterar

Regiontillitsvald Morten Aksdal sa før møtet at NFF at det er mykje som går tapt dersom fengselet blir avvikla.

– Den unike plasseringa gir ei ro for innsette. Her er gardsdrift og dei får vera i naturen. Vi får godt sonings- og arbeidsmiljø, og rehabilitering og prosessen rundt lauslating blir mykje betre enn på andre anstaltar.

Morten Aksdal (t.v.) og Haakon Mjelde i Norsk Fengsels- og friomsorgsforbund.

VIL KJEMPA: – Denne fantastiske anstalten må bestå, meiner regiontillitsvald Morten Aksdal (t.v.) og lokalleiar Haakon Mjelde i NFF.

Foto: Mette Anthun / NRK

Ifølge Aksdal har ingen anstaltar i Noreg innsette med betre resultat på avlagde eksamenar enn Ulvsnesøy.

Dei tillitsvalde meiner fengselet på Ulvsnesøy har vore ein pilot i utviklinga av kriminalomsorga i landet. Dagens ordning med framtidsplanar for dei innsette er til dømes utvikla etter mal derifrå.

– Det ville vera tragisk å legga dette ned. Det er unikt i Noreg, seier Aksdal.

Ulvsnesøy fengsel

– STORT BEHOV: Dei tillitsvalde meiner Ulvsnesøy-fengselet ved Osterøy bør bli eit reint kvinnefengsel i staden for å bli avvikla.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK