Hopp til innhold

Ulvik jublar for rassikring

Til ein prislapp på 130 millionar kroner er Ulvik sikra tryggare veg. På Brakanes Hotell håpar dei at det skal roa ned nervøse turistar.

Ras Ulvik

Denne bilføraren kunne i 2009 krypa uskadd ut av raset, sjølv om bilen hamna midt i steinmassane.

Foto: Arnstein Karlsen

– Det rasar ned titt og ofte, både framfor og bak meg.

Det seier brøytebilsjåfør Eva Kristin Dahl. I vinter har ho gjort sitt for at vegane til Ulvik skal haldast opne. Og det er ingen jobb for pyser.

Eg har sleppt unna så langt. Men det skjer jo at det går ras mens eg snur bilen, for eksempel. Då er det berre å kryssa fingrane for at ingenting skal treffa meg.

Eva Kristin Dahl

Dahl legg ut på vegane trass i rasfaren. Det er jo jobben hennar. Men på Brakanes Hotell i Ulvik, merkar dei godt at rasfaren skremmer folk. Spesielt denne vinteren vinter, som har hatt rekordmange ras her i landet, har fått mange til å melda avbod.

Les også: Verste skred-vinter på 25 år

Sommerdag i Ulvik

Idyllen ligg slik den plar i Ulvik, men rasfaren skremmer turistane.

Foto: Bodil Hide

Både turistar og grupper som kjem hit på kurs eller konferanse vegrar seg. Me har opplevd avbestillingar av store konferansar på opp til 100 personar, og det svir.

Knut Arve Hakestad

Direktør ved Brakanes Hotell, Knut Arve Hakestad, seier det rett ut:

– Det merkast godt, ikkje minst økonomisk.

– Så de taper rett og slett pengar på rasfaren?

– Ja, det gjer me, og ikkje ubetydelege beløp heller, svarar Hakestad.

Ser lysare på framtida

Ras i Ulvik

Det er ikkje langt mellom dei rasutsette strekningane i Ulvik, både sommar- og vinterstid.

Foto: Arnstein Karlsen

Forrige veke måtte Ulvik-samfunnet igjen gje etter for naturkreftene. Då var rasfaren så overhengande at vegen til bygda vart stengt.

Men, hell i uhell: Omlag samstundes som Ulvik sine 1100 innbyggjarar omtrent kjende seg som fangar i eigen bygd, kom gladmeldinga frå fylket. Vegen mellom Ulvik og Bruravik skal sikrast.

Dermed går kanskje også Brakanes Hotell lysare tider i møte.

Låg pris å betala

Rassikring er enormt viktig, både for privatpersonar og næringslivet her i kommunen. For at det skal kunna skje ei utvikling her.

Mona Hellesnes
Foto: Ole Morten Melgård

Det seier Ulvik-ordførar Mona Hellesnes. Prislappen på 130 millionar kroner er vel verdt investeringa, seier ho – som i motsetjing til brøytebilsjåfør Eva Kristin Dahl innrømmer at ho skundar seg forbi dei mest utsette stadene når ho sit bak rattet på veg heim.

Eg prøver å komme meg raskast muleg forbi der det er verst rasfare. Så denne rassikringa, den er verdt kvar ei kroner.

Mona Hellesnes