Hopp til innhold

Tysnes

KrF i Tysnes fekk seg ein smell då Lorentz Lunde trakk seg ved forrige val. No har partiet hatt varaordføraren i 4 år, og vil gjerne tilbake til makta. Eller vil Ap gjera slutt på den borgarlege dominansen? To kvinnelege ordførarkandidatar er i alle fall seriøse utfordrarar til superveteranen Helge Hauge frå Senterpartiet.

Politiske situasjon

Gjennom eit valteknisk samarbeid mellom Sp, KrFog Ap sikra Helge Hauge (Sp) seg posisjonen som ordførar på Tysnes, medan Aud Kaldefoss frå KrF vart varaordførar.

Resten av fireårsperioden har vore eit samarbeid frå sak til sak. Og det har ikkje vore lett i Tysnes, der politikken er dominert av mange små parti som nesten er like store. I formannskapet er det sju representantar, og dei er fordelt på seks parti. Ikkje minst KrF ynskjer seg nok tilbake til sin glansperiode, og ein meir avklart politisk retning i kommunen. Men Sp står sterkt i Tysnes, og den sitjande ordføraren må finna seg i å vera blant favorittane ved årets val.

Men både Ap, FrP og Høgre må reknast med. Partia er i dag jamnstore, og alle er instilte på å sikra seg toppvervet i kommunen. Og blant sakene som kan koma til å engasjera både folk og politikarar på Tysnes i valkampen er spørsmålet om mini-pol og badeland.

Aktuelle saker

Tysnes har nedgang i folketalet, og det gjev seg utslag i kommuneøkonomien, som forøvrig er under kontroll. Men spørsmål som ny sjukeheim og skulenedleggingar, er saker som ganske sikkert vert aktuelle i komande periode. Tysnes har også eit ynskje om å endra stempelet som kommunen som seier nei til alt, og vil revidera kommuneplanen slik at fleire enn i dag kan få positivt svar på byggesøknadane sine.

Aktuelle kandidatar

Ingrid Tysnes Stue (Ap), Magne Ivar Fauskanger (FrP), Tore Atle Humlevik (H), Aud Kaldefoss (KrF), Helge Hauge (Sp), John Martin Dale (Tverrpolitisk), Torstein Hatlevik (V).

 

Valstatistikk

Valstatistikk Tysnes