Tyskarar på veg til Trolltunga

Politiet har fått melding om at nokre tyske turistar er på veg til Trolltunga. Personen som ringde og melde frå til politiet hadde sjølv prøvd å stoppe turistane, men hadde ikkje nådd gjennom til dei. Det er meldt uvêr i dag, og politiet har sendt ein patrulje frå Hardanger som skal prøve å finne turistane.