Hopp til innhold

Trygve (90) får bu med kona likevel

Voss kommune vil la nittiåringen Trygve Styve bu saman med kona Anna (85) likevel. – Vi er veldig letta alle saman, seier sonen.

Trygve Styve sammen med datteren

LETTA: Familien er svært letta over at Trygve og Anna no får tilbod om å bu saman.

Foto: Mette Anthun / NRK

Torsdag kunne NRK fortelje at 90-åringen Trygve Styve ikkje fekk fast langtidsopphald på sjukeheim. I staden fekk han tilbod om omsorgsplass 25 kilometer vekke frå kona Anna (85).

No har han fått kontrabeskjeden: dei får bu saman likevel.

Det var Avisa Hordaland som først omtalte nyheita.

Fekk først avslag

Sonen Erlend Styve har kjempa ein lang kamp. Det kom mange reaksjonar då han la ut bilete av far sin full i blåmerke på Facebook i mai. Trygve Styve hadde då ramla fleire gongar, men Voss kommune meinte framleis at han var for frisk for fast sjukeheimsplass.

Erlend Styve sa til NRK på torsdag at han syns det var provoserande at eit ektepar skulle skiljast utan høve til å besøkje kvarandre.

No har foreldra hans fått to alternativ. Dei kan bu saman på Vossestrand i omsorgsbustaden til Trygve, eller på Voss sjukeheim, men då på same rom.

– Ideelt sett skulle dei hatt kvart sitt rom i same bygg, men me håpar dette kan fungere, seier Erlend Styve.

Solgun og Erlend Styve

IKKJE HEILT OPTIMALT: Solgunn og Erlend Styve meiner tilbodet til Voss kommune ikkje er heilt ideelt. Dei håpar likevel løysinga kan fungere for foreldra.

Foto: Lars Christian Wallace / NRK

Kommunen har praksis for ektefellar

Kommunalsjef for helse og omsorg i Voss kommune, Kjersti Nordanger, fortalde NRK på torsdag at kommunen forsøker å la ektepar bu saman så langt det lar seg gjere.

– Praksisen i Voss kommune er at når ektepar har eit sterkt ønske om å bu i lag, så får dei gjerne det på eit dobbeltrom.

No vil familien nytte helga til å vurdere kva for løysing dei vil velje.

– Vi er veldig letta alle saman. Det har vore ein svært lang prosess, fortel Erlend Styve.

Han fortel at både han, systera og foreldra gler seg til å få saka ut av verda.

– Vi er glade for at Voss kommune har funne ei løysing, sjølv om det har teke tid, seier han.