TRUR HYTTA KAN BERGAST:

Brannmannskapa reknar med at dei greier å berga hytta som står i brann på Varaldsøy i Kvinnherad. – Det brann ein del rundt peisen, og det er store røyk- og sotskadar i hytta. No har me røykdykkarar oppe på loftet, seier vaktkommandør Arne Rikstad ved 110-sentralen.