Hopp til innhold

Retten lauslot drapssikta 33-åring

Mannen (33), som var sikta for medverknad til overdosedrap på ei 25 år gamal småbarnsmor, vart i ettermiddag sett fri av Bergen tingrett.

Loftsleiligheten på Bønes

FUNNE DØD: Den 25 år gamle kvinna vart funne død i loftsleilegheita til den sikta 63-åringen på Bønes i Bergen. Politiet mistenkte fort at kvinna ikkje hadde tatt den dødelege overdosen sjølv.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Politiet i Bergen arresterte og sikta torsdag ein 33 år gamal mann for medverknad til drap på den 25-årige kvinna.

Mannen vart i ettermiddag lauslate av Bergen tingrett. Retten fant ikkje at mistankegrunnlaget var sterkt nok.

– Hordaland politidistrikt anka ikkje rettsavgjerda og 33-åringen er no dimittert. Etterforskinga held fram på måndag, seier politiinspektør Tore Salvesen ved Bergen vest politistasjon.

Fengsla i fire veker

Småbarnsmora vart funne død, tilsynelatande etter ein overdose, i leilegheita til ein 63 år gamal mann på Bønes i Bergen 5. mars i år. Dødsfallet stod fram for politiet som mistenkeleg, og dei sette straks i gang etterforsking.

Før kvinna døydde, fortalde ho mora at ho blei truga, men ikkje kven som stod bak.

Etter kva NRK erfarer mistenker politiet at 63-åringen sto bak selve drapshandlinga, men at det var andre som ønsket kvinna død.

Ifølge bistandsadvokat Bjarte Aarlie skal Ingebjørg Skråmestø ha følt seg truet i forkant av dødsfallet.

To menn har til no vore sikta i saka. Torsdag vart den 63 år gamle mannen fengsla i fire veker i Bergen tingrett. Han nekta straffskuld og bad om å bli sleppt fri.

Blir framstilt for fengsling i dag

Politiet meiner den 63 år gamle mannen pressa kvinna til å ta ein dødeleg dose heroin, og at den 33 år gamle mannen skal ha medverka til dette.

– Det er etterforskinga som har pågått sidan mars som har gitt grunnlag for å arrestera den 33 år gamle mannen, skriv politiet i ei pressemelding.

Det var VG som først melde om den nye pågripinga i saka.

63 år gamal mann fengsla sikta for drap på kvinne i Bergen

I RETTEN: Bistandsadvokat Bjarte Aarlie, etterforskningsleiar Kjersti Opdahl og politiadvokat Trond Eide før fengslingsmøtet torsdag i Bergen tingrett. Ein 63 år gamal mann vart fengsla i fire veker, sikta for drap. No er ytterlegare ein mann sikta i saka.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Var ikkje til stades i leilegheita

Etter det NRK kjenner til, skal ein av politiets teoriar vera at det var 63-åringen som stod bak sjølve drapshandlinga, men at det var andre som ønskte den 25 år gamle kvinna død.

33-åringen var arrestert av politiet i går. Bergensavisen skriv at mannen ikkje skal ha vore til stades i leilegheita då kvinna, ifølge siktinga, vart pressa til å ta ein overdose, men politiet meiner at det skjellig grunn til å mistenke han for medverknad. Eit mogleg drapsmotiv skal vera konflikt om pengar.

Politiadvokat Trond Eide seier til NRK at dei ikkje vil kommentera saka utover pressemeldinga som er sendt ut i dag.

– Mora er overraska

Den 33 år gamle mannen fekk nemnd opp Fredrik Schøne Brodwald som forsvarar.

– Eg har ingen kommentarar til saka, sa Schøne Brodwald til NRK før fengslingsmøtet.

Bistandsadvokat for familien til den 25 år gamle kvinna, Bjarte Aarlie, seier til NRK at det ikkje er overraskande for mora til kvinna at fleire er arrestert i saka.

– Dottera har fortalt mora at ho har kjent seg redd og truga i miljøet, men har ikkje fortalt kven som har stått bak trugslane. Men mora er overraska over arrestasjonen, fordi dette er eit ukjend namn for henne. Ho visste ikkje at 33-åringen hadde noko relasjon til dottera, seier Aarlie.