Det går fram av ei uhøgtidleg undersøking elevane ved Bergens Handelsgymnas har gjort.
61 prosent av dei spurte seier dei ikkje har noko imot om dei to vel å trulove seg.
Ingen har pynta
Ingen av butikkane i Bergen sentrum pyntar til prinsessa si bursdagsfeiring i Bergen i helga.
Elevane ved Bergen Handelsgymna har også sjekka 400 butikkar i sentrum, og ingen av dei har pynta i samband med det kongelege besøket.
- Både elevar og lærarar er sjokkerte over at ingen har funne fram bannerar, flagg, bilete eller anna for å markere at prinsessa har lagt feiringa til Bergen, seier rektor Kjell Stigen.