Hopp til innhold

Truga bussjåfør med hammar

Ein mann er arrestert på Os etter at ein bussjåfør blei truga med hammar om bord på Kystbussen i kveld.

Bussjåfør truga med hammar

Hendinga fann stad om bord på Kysbussen på Os.

– Ein person kom om bord på Kystbussen på veg sørover. Han forsøkte å få vere med bussen ved å truge sjåføren med hammar, fortel operasjonsleiar i politiet, Lars Geitle.

I tillegg til å truge sjåføren, har mannen oppført seg veldig aggressivt. Då bussen kom til Os gjekk mannen av, og skal deretter har knust ruter på rådhuset i Os.

– Bussjåføren har ingen fysiske skader og har køyrt vidare, fortel politiet.

Mannen er no arrestert av politiet, og dei reknar med at han vil bli plassert i arresten. Dei veit framleis ikkje kvifor han var så aggressiv, og eit besøk til legen er under vurdering.