NRK Meny
Normal

Ingen veit når denne båten kan bli fjerna

I to dagar har denne treskuta ligge stranda utanfor Fedje. Eigaren av treskuta har prøvd å fjerna den, men blei skadd under arbeidet.

Trebåt på grunn ved Fedje

PÅ GRUNN: Sidan seint onsdag kveld har denne treskuta ligge på grunn ved Påskeflua i Fedje kommune. Eigaren har prøvd å få den fjerna, men har så langt ikkje lukkast.

Foto: Kurt Rongevær / NRK

– Det er opp til eigaren å få fjerna vraket, seier vaktleiar Silje Berger i Kystverket.

Det var seint onsdag kveld at treskuta gjekk på grunn ved Påskeflua i Fedje kommune i Hordaland. Verken Kystverket eller politiet veit kva som skjedde, men dei er klare på at det er opp til eigaren å fjerna båten.

Kurt Rongevær som bur på Fedje såg i 22.30-tida at nokon hadde gått på land og reiste ut for å prøva å hjelpa.

– Eg og nokre andre hjelpte til så godt me kunne. Me brukte rundt to og ein halv time natt til torsdag til å tømma den for utstyr, og me hjelpte til med å frakta folka som var om bord til land, seier Kurt Rongevær.

Tok fyr i pumpe

I går og i dag har Rongevær også hjelpt til så godt han kan med lensing.

– Det tok fyr i ei av pumpene under bensinpåfylling i 05.30-tida i dag tidleg, og eigaren blei skadd då dette skjedde. Han er sendt til sjukehus, pumpene er sett på land og arbeidet har førebels stoppa opp, seier Rongevær.

Mannen blei sendt til Haukeland universitetssjukehus og Helse Bergen opplyser i ei pressemelding at han er lettare skadd.

Verken 110-sentralen i Hordaland eller operasjonssentralen kjenner til nokon brann i båten i dag tidleg.

– Me har ikkje fått inn noko brannmelding, men me kjenner til båten og blei varsla i går om at den ligg der. Ein båt som litt utanskjærs er det politiet og Kystverket som blir kontakta om, seier vaktkommandør Sigbjørn Villanger ved 110-sentralen i Hordaland.

Nordhordland lensmannskontor kjenner til at ein båt har gått på grunn utanfor Fedje, men det blei ikkje sett i gang nokon redningsaksjon då dette skjedde, og politiet blei difor ikkje involvert. Ifølgje politiet er det heller ikkje grunn til å tru at noko straffbart skjedde då båten gjekk på grunn.

Kystverket meiner båten ikkje utgjer fare

Treskute på grunn ved Fedje

UTGJER IKKJE FARE: Meldingane Kystverket har fått inn tilseier at treskuta verken er til hinder for trafikk eller utgjer forureiningsfare.

Foto: Kurt Rognevær

Kystverket kjenner til båten, men det er ikkje aktuelt for dei å gjera noko førebels.

– Me vurderer det slik at slik denne båten ligg er den ikkje til umiddelbar fare for trafikken og me har heller ikkje fått melding om forureining frå båten. Sidan det er ein mindre fritidsbåt trur me ikkje det er forureiningspotensial i den, seier vaktleiar Silje Berger i Kystverket.

Viss Kystverket skulle få melding om at båten hindrar anna trafikk eller at det blir forureining vil dei eventuelt vil gjera noko.

– Viss det skulle visa seg at det blir forureining kan me gi pålegg om å fjerna båten, men sidan eigaren er på saka så ventar me, seier Silje Berger.

– Slik me ser det er det opp til eigaren å få fjerna vraket. Han var i kontakt med det lokale Kystverket for å sjekka om han kunne få hjelp til å trekka båten av. Det blei forsøkt, men dei fekk det ikkje til, seier Berger.

– Eigaren treng hjelp

– Viss dei får tappa båten som for vatn og slept den vekk så er det nok mogleg å berga båten. Båten er tett, så det er ikkje fare for forureining, men den er best å få den vekk før sjølve båten blir øydelagt, seier Kurt Rongevær.

Han trur planen til eigaren er å få tømt og fjerna båten så snart han kan.

– Eigaren treng hjelp for å få den vekk og bør helst få den vekk før meir blir øydelagt. Det er ein fin båt som det er gjort eit flott oppussingsarbeid på, forklarer Kurt Rognevær.

Eigaren av båten er ifølgje Rongevær ein mann frå Bergen.

Siste video

Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo
Nå vurderer naboene å flytte.