Hopp til innhold

Idrettsforfall til over 450 millionar kroner

Idrettshallane i Bergen treng vedlikehald for nesten ein halv milliard. – Eg hadde ikkje trudd at problemet var så stort, seier Ruth Brudvik i Arbeiderpartiet.

Idrettshallane i Bergen treng vedlikehald for nesten ein halv milliard. – Eg hadde ikkje trudd at problemet var så stort, seier Ruth Brudvik i Arbeiderpartiet.

FORFALL: Det er avdekka store manglar ved tolv av dei største idrettshallane i Bergen. Forslaget til betringar av Bergenshallen (biletet) vil kosta 64,9 millionar kroner ifølgje rapporten.

Dette vedlikehaldsetterslepet føyer seg inn i rekka av andre vedlikehaldsetterslep

Ruth Brudvik (Ap)

Etter at det vart avdekka særs manglande vedlikehald ved skulane i kommunen, sette byrådet i Bergen i gong ei vurdering av tilstanden til alle kommunale bygg i Bergen.

I ein ny rapport av Bergen kommune kjem det fram at tolv av dei største idrettshallane i Bergen har store manglar og massivt vedlikehaldsetterslep.

Landåshallen dyrast

Tilstandsrapporten er utarbeidd av eksterne rådgjevarar, og er ein mellombels konklusjon.

– Me vil komma tilbake med eigne saker med konkrete forslag, seier finansbyråd Liv Røssland til NRK.

Dei tolv hallane som no er undersøkt, reknast for å vera dei med størst behov for oppussing.

Hallane med flest manglar er Bergenshallen, Bønes idrettsanlegg, Fana stadion, Bjørnarhallen, Haukelandshallen, Fyllingsdalen idrettshall, Laksevåg idrettshall, Slåtthaug idrettshall, Slåtthaug kunstisbane, Stemmemyren idrettsanlegg, Åstveithallen og Landåshallen.

Landåshallen er den dyraste ifølgje rapporten, og har ein prislapp på svimlande 105,2 millionar kroner.

«Det er registrert vedlikeholdsbehov på både innvendige og utvendige bygningsdeler. Fasader bør rehabiliteres innen kort tid med utbedring av skader og utskifting av vinduer. Løse stener i tørrmur langs fotballbane og betongbiter i fasade må fjernes umiddelbart.», står det i rapporten om Landåshallen.

– Ikkje overraska

Burdland

IDRETTSUTØVARANE FÅR SVI: Ruth Brudvik (Ap) seier at det manglande vedlikehaldet av idrettshallane gjer at utøvarane får svi.

Foto: Arbeiderpartiet

Ruth Brudvik (Ap) seier til NRK at ho ikkje er overraska over manglane som kjem fram i rapporten.

– Nei, det er ikkje overraskande, men vi hadde kanskje ikkje trudd at problemet var så stort som det er, seier Brudvik.

Ho legg til at idrettshallane berre er eitt av mange bygg som treng vedlikehaldsarbeid.

– Dette vedlikehaldsetterslepet føyer seg inn i rekka av andre vedlikehaldsetterslep.

– Den organiserte idretten i bergen har jo 122 000 medlemmar. Desse har eit behov som ikkje blir fulgt opp, seier Brudvik.

Ikkje endeleg prislapp

Det er førebels for tidleg å sei noko om konkrete tiltak som trengst for å pusse opp dei forskjellige idrettshallane. I rapporten kjem det klart fram at prisen for å pusse opp dei tolv hallane ikkje er endeleg.

– Kostnadane er estimerte, og gir eit bilete på kva det vil kosta å gjennomføre dei tiltaka som trengst, går det fram av rapporten.

Men ut ifrå tilstandsvurderingane som er gjort vil prisen enda på 451 millionar kroner. Dette er pengar som skal pusse opp idrettshallane i løpet av ein periode på ti år.

– Dei inkluderer ein del strakstiltak, som uansett ville blitt gjort som ein del av det løpande vedlikehaldet.