Hopp til innhold

Tre bilar kolliderte på Askøy

Ulukka skjedde på Ravnangerflaten på Askøy. Ingen av førarane som var involvert i ulukka er komme til skade. Bilane dei sat i har store skader.

Ravnangerveien

Klokka 22.19 fekk politiet melding om at tre bilar hadde kollidert på fylkesveg 562, like før Ravnanger senter på Askøy.

– Ein bil har gått rundt og inn i ein bil som kom i motgåande retning. Ein tredje bil blei treft og for rett inn i autovernet, seier operasjonsleiar Morten Kronen.

Det er ikkje meldt om alvorlege personskadar.

Vegen er stengt

Ravnanger bru vart stengt på grunn av ulukka i ein periode, men er no open for trafikk.

– Dei tre førarane er alle ute av bilane. Kupeane der dei sat er intakte, men resten av bilane er totalskadde, seier Kronen.

Førarane blir truleg sendt til legevakta for ein sjekk.

Laster Twitter-innhold