NRK Meny
Normal

Tre års fengsel for tidlegare Betanien-leiar

Betanien-direktøren brukte stiftinga sine millionar på festar og sex med prostituerte. No er han dømd til tre års fengsel.

Stiftelsen Hospitalet Betanien

DØMD: Tidlegare leiar for Stiftelsen Betanien i Bergen er dømd til tre års fengsel for underslag, bedrageri og sexkjøp i utlandet.

Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK

Are Blomhoff

TILSTOD: Are Blomhoff, tidlegare leiar i Stiftelsen Betanien i Bergen.

Foto: Johannes Morken / Vårt Land

Prest og tidlegare leiar for Stiftelsen Betanien i Bergen, Are Blomhoff, er dømd til fengsel i tre år for underslag, bedrageri og sexkjøp i utlandet.

Det var Bergens Tidende som omtala dommen først måndag ettermiddag.

Tilståingssaka byrja i Drammen tingrett førre veke. Der tilstod Blomhoff at mesteparten av underslaget på 15,3 millionar kroner gjekk til fest og moro i Spania. Mellom anna har han kjøpt sex til seg sjølv og andre, i forbindelse med festar som han arrangerte.

Informert om dommen

Forsvarar Per-Erik Gåskjenn seier til NRK at både han og klienten er kjent med dommen.

– Vi konstaterer at den er ein del lågare enn påstanden som aktoratet la ned. Det er svært lite sannsynleg at vi ankar den. Elles ønskjer vi ikkje å kommentere dommen.

Politiadvokat Anders Johnsen bad i sin sluttprosedyre om fire års fengsel. I dommen kjem det fram at dommarfullmektig også meinte fire års fengsel var ein passande straff, men at det er gitt ein strafferabatt på 25 prosent på bakgrunn av at Blomhoff tilstod forholda, skriv BT.

Tok ikkje stilling til erstatning

I tillegg til å be om fire års fengsel, fremja også aktor eit erstatningskrav på 18,8 millionar kroner på vegner av Betanien.

Blomhoff meiner han skuldar stiftinga langt mindre fordi han har gitt frå seg ein pensjonsforsikring verdt fleire millionar. Uvissa rundt dette gjorde at tingretten ikkje tok stilling til spørsmålet om erstatning og Betanien må sjølve vurdere å gå rettens veg for å pengane tilbake, skriv BT.

– Tøffaste dagen i mitt liv

Are Blomhoff frå Drammen var leiar for Stiftelsen Betanien i Bergen frå 1992 til han fekk sparken i januar 2013. Då kom det fram at han hadde underslått over 15 millionar kroner frå stiftinga i løpet av ein periode på sju år.

– Det er den tøffaste dagen eg har hatt i mitt liv – å tilstå noko som er så langt frå meg sjølv og samstundes ein del av meg, sa Blomhoff ifølge BT då han starta forklaringa i tingretten førre veke.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Steffen Lie Skålevik etter 2-2 mot Tromsdalen