NRK Meny
Normal

– Dei tilsette har fått ein tung beskjed i dag

Toro-produkta sel betre enn på lenge, men fabrikken kuttar no likevel mellom 40 og 60 årsverk. – Me veit ikkje om me klarar å unngå oppseiingar, seier fabrikksjef Atle Tvedt Pedersen.

Toro Arna

TORO ARNA: Toro-fabrikken i Arna utanfor Bergen har per i dag 270 årsverk. No varslar leiinga at dei vil kutte tal på tilsette med mellom 40 og 60 årsverk.

Foto: Jørund Rasdal Unneland

Toro-fabrikken i Arna skal skjere ned på kostnader. Dette betyr at mellom 40 og 60 av dei 270 årsverka ved fabrikken blir kutta.

Atle Pedersen

VARSLA KUTT: – Me skal utnytte råvarer og emballasje betre, og redusere andre driftskostnader. Til saman vil 40–60 årsverk bli råka, seier fabrikksjef Atle Tvedt Pedersen.

Foto: Jørgen Eide / NRK

– Den største kostnaden i fabrikken er lønn, og for å redusere denne kostnaden vil me dessverre måtte redusere talet på tilsette, skriv fabrikksjef Atle Tvedt Pedersen i ei pressemelding i dag.

Toro-fabrikken i Arna er ein del av Orkla Foods Norge. Dei neste månadane skal leiinga kutte utgifter og gjere drifta meir lønsam. Målet er å gjere fabrikken meir konkurransedyktig.

– Me skal bli betre rusta til å møte ein tøff konkurranse frå internasjonale aktørar. Dersom me ikkje gjer noko no, trur me at me på lengre sikt vil setje fleire arbeidsplassar i fare, seier Pedersen til NRK.

Toro Arna ønskje å trekke til seg produksjon frå søsterselskapa i Orkla. For å gjere dette, må dei gjere produksjonen meir effektiv, ifølgje fabrikksjefen.

Skal kutte 60 millionar kroner

Fabrikken har i lengre tid jobba med å effektivisere fabrikken. No kuttar dei ytterlegare. Målet er ein kostnadsreduksjon på 60 millionar kroner. Ei rekke tiltak vil bli gjort for å redusere kostnadene.

– Me skal utnytte råvarer og emballasje betre, og redusere andre driftskostnader. Til saman vil 40–60 årsverk bli råka, seier Tvedt Pedersen.

Han kan enda ikkje seie noko om fabrikken vil seie opp tilsette, eller om dei vil prøve å redusere tal på årsverk ved frivillig avgang.

– Me jobbar tett med dei tillitsvalde slik at me kan gjere dette på ein best mogleg måte. Per i dag kan eg ikkje svare på om me klarar å unngå å seie opp folk.

– I pressemeldinga skriv de at Toro-produkta sel betre enn på lenge. Kvifor må de kutte årsverk då?

– Sjølv om produkta er betre enn før, ser me at det er viktig å ha eit lågare kostnadsnivå slik at me kan møte den internasjonale konkurransen, seier Pedersen til NRK.

Nedbemanninga byrjar i oktober

Nedbemanninga byrjar om ein månads tid, i oktober.

Dei tilsette blei informert om nedskjeringane på eit allmøte i dag.

– Når me kjem med eit slikt bodskap er det ein tung beskjed å få. Det ser me på dei tilsette òg. Dei har fått ein tung beskjed i dag.

NRK har vore i kontakt med hovudtillitsvald Tore Nielsen ved fabrikken. Han ønskjer ikkje å kommentera saka no.

– Me har nettopp avslutta allmøtet no. I morgon skal vi ha klubbmøte og medlemsmøte.

– Det moderne samfunnet gjer sitt inntog

Leiar av NNN (Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund) i Hordaland Rolf Borlaug stadfestar at mange av dei tilsette ved Toro-fabrikken er organiserte hjå dei.

– Dette er svært leit for næringsmiddelbransjen i Vest. Me har ikkje fleire arbeidsplassar enn det me trenger.

– Kva tenker du om at fabrikken kuttar årsverk, samstundes som dei seier at produkta deira sel betre enn på lenge?

– Det moderne samfunnet gjer sitt inntog. Ein skal stadig tene meir, automatisere og kutte årsverk. Det er denne vegen det går, og det er veldig beklageleg.

Borlaug vil ta kontakt med tillitsvald ved Toro Arna, for å høyre korleis dei kan hjelpe dei tilsette som er organiserte i NNN.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Onsdag 16. august begynte flyttingen av den store flytedokken fra Laksevåg til Ågotnes.