Toppe vert nestleiar

Kjersti Toppe frå Sp vert nestleiar i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget.

Kjersti Toppe
Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Kjersti Toppe (41) frå Senterpartiet vert nestleiar i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget.

Toppe er utdanna lege, og har mellom anna jobba ved legevakta i Bergen.

Les meir om Toppe sine kampsaker


I valkampen la ho vekt på at ho ville jobbe for å behalde lokalsjukehusa i distrikta.

- Samhandlingsreforma kjem i løpet av denne perioden, og det vert ei utfordring som eg kjem til å jobba mykje med. Helsepolitikk er eit breitt felt å arbeide med, men eg er særleg opptatt av rus og psykiatri, som også er veldig viktige utfordingar i Bergen og i Hordaland, seier Toppe.

Toppe har tidlegare vore Sp sin gruppeleiar i bystyret i Bergen, og har hatt plass på fylkestinget i Hordaland.

Laila Dåvøy (KrF) frå Askøy har vore med i komiteen før, og kjem truleg til å fortsette. Toppe trur dette vil vera ei styrke for Hordaland.

- Vi kjem til å ta opp saker som er viktige i heimfylket vårt. Det er jo det som er jobben vår når vi er valt inn herifrå, seier Toppe,

Siste video

Komitéleiar Martin Paulsen forklarar kvifor den 30. Raftoprisen går til menneskerettsforkjemparen Yanar Mohammed for hennar arbeid for kvinner og minoritetsgrupper i det krigsherja Irak.
Kunstverket "This Must Be The Place" skal lyse mot tilreisende når de ankommer nye Bergen lufthavn Flesland fra neste vår.
Vestlandets første øko-landsby skal byggast i Bruvik på Osterøy. Dei kanskje litt svevande planane har eksistert lenge. Men no har ei gruppe eldsjeler begynt arbeidet.