NRK Meny
Normal

Storaksjon mot prostitusjon og tiggarmiljø - 40 budde i same hus

Totalt er ni personar pågripne etter at store politistyrkar aksjonerte mot to hus i Bergen og på Askøy. – Aksjonen var retta mot det rumenske prostitusjonsmiljøet, seier politiet.

politimann går mot huset, politihund inn døren, nær sortmalt vindu, politimann snakker i telefon

STOR UTRYKKING: Politiet er til stades med fleire patruljar og bilar.

Store styrkar med politipatruljar gjekk måndag morgon til aksjon mot eit hus Skuteviken i Bergen og eit hus på Askøy. Politiet var sparsame med opplysningar om aksjonen, men i ei pressemelding måndag ettermiddag går det fram at aksjonen var retta mot prostitusjons- og tiggarmiljøet.

– Koplinga til desse miljøa er at på die adressene vi har gått inn har det vore veldig mange rumenske statsborgarar til stades, seier politiadvokat Sylvia Myklebust, ved organisert kriminalitet ved Hordaland Politidistrikt.

Det var opp mot 40 personar til stades da politiet tok seg inn i huset i Sandviken. På Askøy var det 12 personar.

Arrestert for hallikverksemd

– Desse personane høyrer til både prostitusjonsmiljø og tiggarmiljø, seier Myklebust.

Aksjonen held fram og politiet er heilt i starten av etterforskinga. Barnevernet er også varsla, då det var barn mellom dei 40 personane i Sandviken.

– To menn er arresterte for hallikverksemd. Vi vurderar no å framstille dei begge for varetektsfengsling, seier Myklebust, som er advokat på seksjon for organisert kriminalitet i Hordaland politidistrikt.

Ytterlegare sju personar vart bringa inn av politiet etter aksjonen. Ifølgje Myklebust er desse sikta for heleri, narkotikaforbryting og brot på utlendingsloven.

Transportbil på plass

Politiaksjon i Bergen på Skutevikstorget
Foto: Kjetil Rydland / NRK

NRKs fotograf på staden fortalde i føremiddag at det er mange bilar som har tatt oppstilling på Skutevikstorget. Ein av bilane er ein større transportbil eller ein minibuss med plass til fleire personar.

Like før klokka 11.00 gjekk to personar frå brannvesenet inn i huset. Huset er i sliten tilstand.

– Det var mange unge kvinner som kom og gjekk. Dei var austeuropearar og snakka dårleg engelsk, seier ein som budde i huset før til bt.no.

To personar arrestert

Bergensavisen har vore i kontakt med huseigar, som ikkje har høyrt noko om ein razzia i huset i dag. Han hevdar å leige ut huset til ein familie på tre personar. Avisa skriv at det er to personar som er henta ut huset til no i aksjonen.

VIDEO: Sjå intervju med politiadvokat Sylvia Myklebust, ved organisert kriminalitet ved Hordaland Politidistrikt.

Laster kart, vennligst vent...

Siste video

Nå vurderer naboene å flytte.
Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Listetoppene i Hordaland møttes til stor debatt, i samarbeid mellom BT, BA og NRK.