To sendt til Haukeland etter trafikkulukke

Ein bil hamna utfor vegen på E39 i nærleiken av Romarheim. To personar er frakta til Haukeland med luftambulanse.

Laster kart, vennligst vent...

Politiet fekk melding om ulukka like før klokka 11.00.

Bilen med to personar skal ha køyrd av vegen og hamna ned i ei skråning like over ei elv.

– Begge personane blir frakta til Haukeland Universitetesjukehus med luftambulanse, men ingen er kritisk skadd, seier Kjersti Eidsnes i Vest politidistrikt.

Dei involverte var ein mann i 60-åra og ei kvinne i 50-åra.

Sidan det er snakk om høg energi, er det viktig å få sjekka dei for ulike ting, seier Eidsnes til BT.

Ulukka skjedde ved krysset Osterfjordvegen/Modalsvegen. Tre politipatruljar, ambulanse og brannvesen vart sendt til staden.

Politiet kjem til å ta blodprøve av føraren av bilen.