To mista førarkortet i Sveio

To menn i 20- og 50-åra er blitt fråtatt førarkortet etter ei trafikkulukke i ettermiddag. Ulukka skjedde truleg i samband med ei forbikøyring. To personar vart køyrde til legevakt, men dei var ikkje skadd, melder Sør-Vest politidistrikt.