Dei to rettspsykiatarane teikna i dag bildet av ein mann som vekslar mellom å vera dominerande og sjarmerande, og som har et sjølvbilde i strid med mange andre si oppfatning av han. Han medgir likevel at han kan bli "heilt vill" viss han blir irritert; særlig etter å ha drukke alkohol.
Psykopat
Psykiatarane meiner han er beregnande, manipulerande, at han har mistenkeleggjort vitne, og at han har vist påfallande lite kjensler og medkjensle etter at han drap sambuaren. Han kallar det ei tragedie eller katastrofe, men på ein distansert og uinteressert måte, meiner dei.
Overlege Jon Geir Høyersten ved Bergen psykiatriske universitetssjukehus gir mannen diagnosen som tilsvarer psykopati.
- Vi har konkludert med at han har ein alvorleg personlighetsforstyrring, det som vert kalla dissosialforrstyrrelse. Det er noe av det samme som det som før vart kalla psykopati.
Tilrekneleg
Og at han ikkje huskar noko av det som skjedde på parkeringsplassen i Olsvik, trur ikkje psykiatarane på.
-Vi har vurdert dette nøye og det trur vi ikkje på. Vi slår fast at han husker meir enn han seier. Vår konklusjon er at han er fullt ut tilrekeneleg
Psykiatarane presiserte at dei har vurdert om mannen er normal eller sjuk i forhold til norske normer. Når dei då kallar han ekstremt sjalu, med eit ekstremt behov for å dominera særleg kvinner, er dette er dette altså ikkje vurdert opp mot hans arabiske bakgrunn. Dei unngjekk bevisst å kalla dette eit æresdrap, sjølv om dei er klar over at eit samlivsbrot er ein trussel mot mannen og familien si stoltheit og ære.