Hopp til innhold

Krev kvinne for 22 millionar etter storbrann

Ei kvinne i 40-åra er tiltalt for å ha tent på eit museum, ei kyrkje og ein bygård i Bergen sentrum i april i fjor.

Brann

STORBRANN: Kvinna i 40-åra tente på tre hus i Bergen sentrum den 11. april i fjor.

Foto: Audun Humberset

Erstatningskravet blir på cirka 22 millionar kroner, skriv Bergens Tidende.

– Skadane var relativt omfattande. Hadde det ikkje vore for den raske innsatsen frå brannvesenet kunne dette lett ha ha fått meir alvorlege konsekvensar, seier statsadvokat Benedicte Høgseth til NRK.

– Ikkje fare for menneskeliv

brann

LEPRAMUSEET: Brannvesenet klarte å hindra at 306 år gamle St. Jørgen kyrkje i Bergen brann ned torsdag kveld.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Det var 11. april i fjor at brannane herja i Bergen sentrum. Kvinna i 40-åra vedgjekk at ho stod bak brannane i Bergen sentrum og skal fleire gongar ha truga med å tenna på hus.

Under storbrannen vart fleire gater i Bergen sentrum stengde, og det vart sett i gong ei stor evakuering av bustadhus i området rundt brannane.

No er kvinna mellom anna tiltalt for å ha tent på ein bygård i Lille Øvregate, og kyrkjebygget St. Jørgen i Bergen sentrum. Dei mest alvorlege punkta i tiltalen mot kvinna er tatt ut etter mordbrannparagrafen, men den delen er tatt ut etter ordre frå Riksadvokaten, fortel Høgseth.

– Det er mellom anna lagt vekt på kva tid på døgnet dette skjedde. Etter ei brannteknisk vurdering har ein funne at det ikkje var fare for tap av menneskeliv.

Høgseth legg til at tiltalen legg vekt på dei materielle skadane, og at skadane kunne blitt enda større.

– Urealistisk erstatningskrav

Den sikta kvinna sin forsvarar, Linda Ellefsen Eide, seier det ikkje er realistisk at hennar klient kan betale 22 millionar kroner i erstatning.

– Det er heilt urealistisk å tru at min klient skal kunne gjere opp for seg i forhold til dette erstatningskravet, seier Ellefsen Eide.

Ho legg til at tiltalen ikkje kom overraskande på klienten.

– Ho har ingen sterke reaksjonar på denne tiltalen. Den var eigentleg som forventa. Også erstatningskravet var som forventa, det er jo trass alt snakk om kulturminne.

– Framover mot rettssaka vil eg forbrede klienten min på saka, og vi vil gå gjennom kva som var årsaka til at dette skjedde, seier Ellefsen Eide.

brann

STORE MATERIELLE SKADER: De tre melde brannsene ligg alle i et brannsmitteområde i området rundt Fløibanen. Bergen kommune har tolv slike brannsmittestrøk.

Foto: DSB