Hopp til innhold

Tilsyn i Sløvåg

Direktoratet jobbar no med å gå gjennom materialet dei skaffa seg under tilsynet.

Wergeland Halsvik i Sløvåg.
Foto: Ottar Starheim / NRK

Klima og forureiningsdirektoratet, Klif, gjennomførte torsdag tilsyn i Sløvåg, det skriv Strilen.

Årsaka til at Klif valde å gjennomføra eit tilsyn er at Wergeland-Halsvik har brent nærare 60 tonn avfall frå nabobedrifta Alexela.

LES OGSÅ: Vest Tank-avfall fremdeles i Sløvåg

– Me ville sjekka om Wergeland-Halsvik har handtert avfallet dei har mottatt på ein forsvarleg måte og om dei har følgd rutinane sine. Det sjekka me på eit tilsyn på torsdag, seier seksjonssjef Bjørn Bjørnstad i Klif.

Både Wergeland-Halsvik og Alexela fekk besøk under inspeksjonen.

LES OGSÅ: Straffes ikke for brenning av olje

– Tysdag fekk me ei forklaring frå begge bedriftene som tyda på at det var riktig handtert, men me ville samstundes sjekka om det stemmer, seier Bjørnstad.

– Kva gjer de vidare no?

– Me må sjå gjennom materialet me har fått, laga ein rapport frå tilsynet og så må me ta det derifrå, seier seksjonssjefen.

LES OGSÅ: Full strid om Sløvåg-brenning